laurdag 3. januar 2009

Gratulerer med dagen, gamlemor!


Det er ikkje så mange 85-åringar som kan bite seg sjølv i stortåa, bortsett frå denne dama :)

Det blir liksom aldri ende på mat-orgiar og kakestyr her i huset, for når jule- og nyttårsbesøka endeleg er over, skal alle steinbukkane i familien til å feire bursdagane sine. I dag har vi gjort unna to av dei, ei nybakt oldemor som runda 85, og Sigmund sin, han er ikkje er fullt så gamal, men har òg bursdag i dag.

Den nybakte oldemora hadde diska opp i den nye aldersbustaden sin, og stuva inn både stort og smått i den vesle stova si. Ei spesiell og kjekk stund vart det, sidan kalenderen høvde så greitt denne gongen at alle ungdomane framleis var heime frå studiar og jobb kring i landet. Jubilanten sjølv var i storform som vanleg. Berre litt uroleg for at ho ikkje skulle få med seg dagens bowling, oppi alt styret...
Gåver i form av saker og ting ville ho ikkje ha. Men stova minna mistenkeleg om eit blomegartneri då vi takka for oss utpå kvelden. Sjølv må eg tilstå at eg var inne på tanken om å gje ho eit tandem fallskjemhopp i gåve. Men eg er glad eg besinna meg. For eg skal banne på at ho hadde hoppt..

Ingen kommentarer: