fredag 20. januar 2012

"Eg kan ikkje ta telefonen akkurat no"

Er du er ein av dei som har denne tøvete svarmeldinga på mobiltelefonen din?
Er det i så fall fordi du er tankelaus, uøkonomisk , eller begge deler?

Lite ergrar meg meir når eg ringjer til ein mobiltelefon, enn å få denne meldinga. For hvis det er noko eg skjønar heilt av meg sjølv så er det nettopp det, at dersom det ringer og ringer i andre enden, så er det ein grunn til at mottakaren ikkje kan ta telefonen akkurat no. Dette trur eg kvar og ein av oss faktisk er i stand til å begripe, utan å måtte betale for å få det fortalt!

”Send meg ei melding, eller legg att ein etter beskjed etter pipetonen”. Dette brukar å kome påfølgjande. Men det at eg kan sende ei melding, er heller ikkje noko eg treng å betale for å bli fortalt. Det er tvert om ein nokså innlysande førstereaksjon, dersom det hastar med å få fatt i vedkomande.

Då står vi att med den siste opsjonen, som er å legge att ein beskjed etter pipetonen. Denne kan vi sjølvsagt bruke dersom vi ønskjer at mottakaren skal betale for å ringe opp teleselskapet sitt for å få beskjeden vår, som i 99% av tilfella vil lyde ”Ring meg!”
Men det kan du jo likegodt skrive i ei melding. Eller du kan halde deg heilt i ro, vel vitande om at mottakaren kan sjå på” Innkomne anrop ” at du har ringt. Det kan no vere ein fin måte å få prøvd eit venskap på, om ikkje anna!
Så denne meldinga etter pipetonen droppar vi sjølvsagt, særleg dersom vi ringjer ein ven for å høyre korleis det står til. Vi legg heller ikkje att ”beskjed etter pipetonen” dersom meldinga til dømes er noko slikt som ”kom til sjukehuset, kona di er i ferd med å føde!” For vi kan aldri stole på at meldingar etter pipetonen blir lest i tide, eller lest i det heile. Det kan nemleg hende at mobiltelefonen er attgløymd heime i Donald-korga på badet, medan den du prøver å få kontakt med sit på toget til Bergen.

Min enkle bodskap er at automatisk telefonsvar på private mobiltelefonar er noko forbaska tull. Ei sak er at venene dine ikkje får tak i deg i første forsøk, dersom du sit på do. Men dei treng no vel ikkje måtte betale for å ikkje få ta i deg, når du kan hindre det? Det får vere måte på kor enkelt teleselskapa skal tene pengane sine!

Dette var vekas lille fredagsgruff. Ha ei strålande helg!

Ingen kommentarer: