måndag 17. november 2008

Blomen min...

Denne vakre orkidèen kom sendande til meg då eg tok til i den nye jobben min for eitt år og to månader sidan. No blømer han så vakkert at han er eit syn for auga, så blometung at det er berre så vidt han ber seg sjølv.. Eitt er iallfall sikkert, det har ikkje med mine grøne fingrar å gjere, for det har eg aldri hatt!

"Den fagraste blomen kan du ei sjå, den bur i ein tanke, ei på eit strå"






søndag 2. november 2008

Winterwonderland .. i oktober




Bilete frå Gjengedalen fredag. Siste dagen i oktober. Ei fantastisk fin helg på hytta..


Gjengedalen-jakt 3110-011108

måndag 27. oktober 2008

Mission completed...



Så var det over for i år. Det vart ein kalv. Men han var fin :). Eg er fornøgd med det. Det er jo ein gylden jaktregel, at har du valet mellom ku og kalv skal du ta kalven. Og eg var aldri ein augneblink i tvil. Det stod mellom kalven eller å halde igjen.. Det lid mot jaktslutt no. Og med eit halvt dyr (halvparten av 90 kg) frå før i fryseboksen er det heilt oki!

Benson fekk ikkje vere med i ettermiddag. Med sporsnøen som hadde lagt seg i ettermiddag var han på ein måte litt overflødig..

Sigmund var med ut òg i dag, og vi bestemte oss for å ta kvar si opne "glenne" der vi veit hjorten har trakket sitt. Sigmund sette seg ved den første glenna, og vi vart einige om at eg skulle gå til høgda ovanfor, og sette meg der. På vegen opp kom eg rett på spora etter to dyr. Det snødde forholdsvis tett, og eg skjøna fort at her var eg tett på. Det var nok! Nok til at eg skjerpa meg så mykje dei siste 50 meterane over kanten at eg såg dei før dei såg meg.. Eg trur nok sikkert eg brukte 5minutt på den siste vesle kneiken. Og plutseleg var dei der, kolle og kalv..

Etterpå såg vi at det nok hadde vore ein bukk med dei og, litt ifrå, men det er jo typisk.. Eg såg ikkje den. Eg såg berre så vidt kolla òg, men kalven stod fint til..Og så er det jo eingong slik at det er ein plan med det heile, såkalla retta avskyting. Og då er kalv ein del av kvoten.

Ein ting er sikkert.Ein lærer så lenge ein lever.. Hadde det ikkje vore for sporsnøen idag, så hadde nok hjorten lurt meg,igjen..
Det einaste det handlar om er å vere stille nok.. HEILE TIDA . Hjortejakt handlar om å liste seg avgarde. Seeeint og lydlaust..!!

torsdag 9. oktober 2008

One more to go...



Då er første hjorten på plass for møyrning oppunder takstolane i garasjen, ein fin bukk på 80-90 kg som Sigmund skaut i seks-tida i kveld. No gjeld det berre at været framover held ein passeleg, litt kjøleg temperatur,slik at han kan henge til over neste helg så vi får dra på hytta uti neste veke ein gong. Litt is i magen må ein ha om biffen skal bli saftig og god :)

Og framleis har vi løyve på eit dyr til :)

onsdag 8. oktober 2008

Løysinga

på mi portugisiske gåte heiter klipp og lim - og verktyet finn du her:

Dagens rebus

Oi!
Você é realmente muito esperta como descobri o que estamos a fazer agora! Traduz Google é uma ferramenta de tradução entre diferentes linguagens que realmente funciona melhor do que eu pensava, mesmo se isso às vezes pode levar a resultados muito engraçado. A qualidade vê quando o primeiro volume, a uma terceira língua.
Mas, até agora, não tenho planos para publicar meu blog em Português .. :)

Helsing Kari

søndag 28. september 2008

Vannliljer i Cascais

og hjortejakt i Rastalia..

Fra Jakt

Ei innhaldsrik veke er til ende..

onsdag 17. september 2008

Skogens gull



Fin sopptur idag. NYDELEG kantarell. Dette biletet er teke inni ein gråpapirpose! :)

laurdag 13. september 2008

Nydeleg dag for ein topptur




Mobilfotos

Eg hadde eigentleg sett av helga til sauesanking, tenkte å melde meg frivillig denne gongen, for det har jo aldri passa seinaste åra. Så no rekna eg eigentleg med at Mona ikkje våga å spørje fleire gonger.. Men der bomma eg litt, gitt, for sankinga er visst neste helg :)
Då måtte vi finne på noko anna istaden. Valet var ikkje så vanskeleg med det flotte haustveret som var meldt. Eigentleg ganske supert for ein topptur. Sigmund ville gjerne vera med , og dermed vart vekkeklokka stillt på TIDLEG (for laurdag å vere..) Etter ein god frokost i halv åtte tida kom vi oss i bilen og la kursen mot Fennastølane. Honndalsnuten - 1461 m.o.h. var målet.

Sjølvsagt var fotoapparatet sporlaust borte i dag tidleg. Etter eit kvarters intens leiting gav eg opp, det ligg vel på hytta som alt anna som eg saknar (som f.eks. kikkerten som eg gjerne skulle hatt no i jakta, typisk..)

Det var litt synd det, igrunnen, med fotoapparatet. For det var ein fantastisk fin dag å bestige nuten. Men det vart ikkje anna råd enn å la min Nokia N95 gjere jobben, vel er det eit rimeleg bra kamera på den, men ein mobiltelefon er no mest ein mobiltelefon om den kan ha aldri så mykje snadder attåt.

Vi var dei første som entra nuten idag. 3 timar og 20 min etter at vi parkerte bilen var vi oppe ved første varden. Ikkje verst det, eg har vore med på verre :) Men så gjekk vi no litt på òg, det må innrømmast. Godt å ha klebyte i sekken då.

Eg var litt i stuss om eg skulle våge å ta dei nye fjellstøvlane i dag. Dei er berre nokre dagar gamle, og har berre fått prøvd seg på ein liten jakttur. Men eg tok sjansen, vel vitande om at den vesle tur-førstehjelpsputa som eg alltid har i sekken inneheld både gnagssårplaster og det som viktigare er..

Arvid'en på G-Sport butikken lovprisa desse fjellstøvlane så opp i himmelen, han påstod med fullt alvor at dei var ferdig inngådde frå fabrikken! Eg må tilstå eg lo litt, men han stod på sitt.

Det gjekk bra, nokolunde i allefall. Gnagsår var det ikkje teikn til. Men støvlane er høgre enn dei eg har hatt før, og den ein skoen tok meg noko j... ovanfor høgre ankel. Det burde eg ha forutsett. Nesten gong gong skal eg prøve meg med å levere inn røntgenbilda etter siste alpin-frakturen min til sko-leverandøren og befale; ferdig inngådde, takk!





Fra Honndalsnuten-13-sept-08

tysdag 26. august 2008



måndag 25. august 2008

Godt alt som er hjort...



Det har visst vore labert med bloggen ei stund no. Kan vel ikkje skulde på tida heller. For det er vel slik at ein har tid til det som ein har lyst til, er det ikkje so det heiter? Av og til skulle eg ønske det var omvendt òg, at ein hadde lyst til det som ein har tid til..

Hausten nærmar seg med stormsteg no, og jakta står for døra. I dag har eg vore på skytebanen og gjort unna dei siste 15 treningsskota, ja og so sjølve skyteprøven då. Manndomstesten..:) Faktum er at i dag var vi 3 kvinner i same skytelaget. Det er faktisk første gongen eg har opplevd å ikkje ha berre mannfolk rundt meg på standplass. Litt moro det. Iallefall sidan vi alle klarte prøven med glans, medan somme andre låg og dundra og plafra i både andre og tredje forsøk.. Ikkje for å vere høg på pæra, for prøven eg gjorde ikveld er faktisk den dårlegaste eg har gjort, litt for høg og litt for langt til høgre var serien denne gongen. Men godt nok. Det er jo berre å justere eit par knepp. Trøysta får vere at dei siste 30 skota eg har fyrt av alle ville vore dødelege på eit hjortedyr.. Det gjev litt ro å vite. Og det er viktig.
Så no går vi jakta blidt i møte, eg og min lette, lekre og splitter nye Tikka T3, 6,5 kaliber :)

No gjeld det berre at hausten blir fin, så turane blir fullkomne. Kva er vel betre enn klare, fine haustdagar i fjellet?
Med sol...

Men ho er visst borte no. Ho skin ikkje lenger. Tenk om berre sola hadde kome att...




Benson og underteikna under jakta for to år sidan