fredag 30. mai 2008
onsdag 16. april 2008
Medan andre klipper plenen...

Jau, det er både vent og vakkert å bu på Voss og på Kyte, men eg må innrømme at akkurat på denne tida av året kan det faktisk vera ørlite traurigt. Av denne grunn er det at eg offentleg (berre her på bloggen :))har erklært meg usamd med Bjørnstjerne Bjørnson, og fritt har omsett hans vidkjende Jeg velger mig April til Jeg velger mig mai !
Det er nesten så ein vert i dårleg humør berre av den vesle køyreturen frå Vossevangen og heim til Kytesgrenda etter arbeidstid no om dagane. Det er heilt utruleg kor stor skilnad våren kan lage.. Hjå oss er han alltid kort, kjem seint og pang! - så er han over, og det er sommar..
Men på ei anna side er det kjekt, som i dag då eg drog tidleg heim frå jobben og spente på meg skia rett oppi bakkane. Det er litt merkeleg, lei så ein skulle ein tru ein vart etter månader med snø, så er det likevel alltid dei siste skiturane som er dei gjevaste, dei med raud klister i solbråna bakkar.. med appelsin i sekken og skyddsalve på solsåre lepper (skifeller er for byfolk og andre uføre, berre så det er sagt..!:))Ja,ja, eg eig eit par, eg må innrømme det - og av og til kan dei vere gode å ha, men då skal det jaggu vere bratt!
![]() |
| Mobilfoto vinteren -08 |
tysdag 18. mars 2008
Tung horgatur

Måndag - fyrste fridagen i påsken - rann med sol frå skyfri himmel, og vi fann fort ut at her var det berre å hive seg rundt.. Eg hadde lenge tenkt på å ta ein tur til Lønahorgi, det er årevis sidan eg har vore på toppen no. Det ideelle hadde vore å kome seg avgarde tidleg, men så hadde Vilde selvfølgeleg time hjå tannlækjaren kvart på ni om morgonen. Men etter å ha skyssa ho heime att, kom vi oss avgarde til Bavallen i halv elleve tida, eg og Benson. Sidan "gutten" skulle vere med måtte vi ta skia fatt heilt nede ved parkeringsplassen, og fylgje alpinbakkane oppover mot Horgaletten. Kunne ikkje ta ikkje sjansen på å ta Benson med i skiheisen. Dessutan er det no kjekkast å gå heile vegen opp, det er ein vesentleg skilnad på ein horgatur med og utan heis :-)
Startpunktet i Bavallen ligg på 340 m.o.h. medan Lønahorgi ruvar på 1410. I lengd er ikkje turen meir enn vel ei mil. Så det er ein rimeleg tung tur. Hadde nydeleg sol heilt til toppen på Horgaletten, der vart vi møtt med ein frykteleg kald og sur vind, men klart og fint var det framleis. Utsikten herifrå er fabelaktig, og eg tenkte å stogge på nedattturen for å ta bilder, då ville nok Benson ha bruk for pausar likevel, tenkte eg. Men vi hadde ikkje før passert kvilehytta før skodda plutseleg tok overhand. Siste turen mot masta var tung med sterkt motvind og isande kulde midt i fleisen. Sikta var ikkje meir enn vi trengde, men løypa er godt merka med master og kvist siste biten.
Frå Bavallen og opp til masta brukte vi akkurat tre og ein halv time. Det er lenge sidan eg har teke meg så hardt ut på ein skitur. Ja, det var kanskje til og med litt meir enn som godt var.. For då eg festa bindingane att etter ein rekordrask kakao-pause i den bitande kulden, kjende eg fort at det skulle bli tøft ned att. Det var som om beina ikkje heilt ville lystra! Uheldigvis var føret vanskeleg utanom løypenettet, med skare og fokksnø om einannan, så det var berre å ploge seg ned dei knallharde alpinløypene. Med krampe i lårmuskulatur og gele-følelse i leggane må eg berre tilstå at det var ein rimeleg god følelse å få auga på den raude volvoen på p-plassen i Bavallen..
| påsketur |
onsdag 2. januar 2008
Tour de Ski

Vi har hatt ei fantastisk nyttårshelg, med flott skiføre og SOL..! Dagane har vi nytta på ski, noko ikkje minst Benson har sett umåteleg stor pris på..
| Nyttårshel |
søndag 30. desember 2007
Midt i mellom...

Somme kallar det romjul. Dvs. dei aller fleste kallar det vel romjul. Men vi kallar det melsdagar, altså dagane mellom jul og nyttår.
I år hugsa eg dei, medan butikkane enno heldt ope. Så eg bunkra opp for ein god hundrelapp i kjærlighet på pinne og nox og fox og sjokoladegreier. Eg snakkar om julebukkane, sjølvsagt. Det formeleg kryr av dei her i grenda, Gud veit kvar dei kjem frå..! Men det er alltid like moro å få dei innom dørene, og halde litt ap med dei, og sjå kva dei kan !:) Ein jolasong er det minste dei må by på, før muttern finn fram godteposen. Dessutan tykkjer Benson det er umåteleg stas med slikt besøk.. for han må jo få noko godt han og då, sjølvsagt, når alle andre får.
Ja, ja, koseleg er det iallefall. Sjølv om det dessverre er slutt på den tida det var stas å få eple og mandariner..
Benson og eg har hatt oss ein fin skitur i dag òg. Det var litt isete og ilt å gå tunet heime, men frå Lemme og oppover var det reine moroa. Fine løyper og nydeleg skiføre! Klok av skade la eg ikkje noko under skia heime, men putta skifellene i lomma i tilfelle glattsnø. Dei fekk eg aldri bruk for. Vi møtte turrsnøen alt i Lemmestrået, og deretter var det reine silkeføret opp til Liaset.
| Romjul |
onsdag 26. desember 2007
White Christmas

I dag kunne eg spenne skia på ute i tunet. Forholda såg lokkande ut frå kjøkenglaset, men snøen var kram og våt og eg forstod fort at her vart det ikkje lett å smørje. Men bakglatte ski er det verste eg veit, så eg la under eit lett lag med raud swix. Det fungerte heilt fint, ei lita stund ..:(
Hadde eg visst kor kort veg det var til tørrsnøen, så hadde eg valt annleis. Men skitt au. Sjølv om klabbane under skia gjorde turen litt meir strabasiøs enn den kunne vore, så vart den ikkje så verst likevel!
Benson var i allefall stornøgd, særleg då vi traff Erling og lille Pella på heimvegen. Snakk om gjensynsglede!
| 2.juledags skitur |
søndag 16. desember 2007
Pølsefesten
| Siste etappe |
Så er pølsefesten over for denne gong, og korven er komen i fryseboksen. Produktet var gjenstand for prøvesmaking på den store oppskoka sist onsdag, og kom ut med terningkast 6. Då får vi vel vere nøgde !
laurdag 15. desember 2007
Skidag

Med det nydelege været vi vakna opp til idag sa det seg i grunnen sjølv. At i dag fekk krumkaker vere krumkaker og vaskefille vere vaskefille. Benson var aldeles samd. Han roterte rundt som ein tørketrommel då han såg at skiskoa vart henta fram. Det er heilt utruleg kva ein hund kan memorere...
Vi har ikkje meir snø enn vi treng endå, men vi bestemte oss for å gå frå tunet heime, berre lille B og eg. Fattern skulle på Vangen, og vi misunte han ikkje eit sekund. Godt var det at skiparken i garasjen var reingjord etter fjorsesongen. Vi valde det gamle, utslitte atomic paret, sidan vi skulle gå frå Lyderbakken. Dei var innsette med grundvalla frå i vår, preparerte for den siste turen som aldri vart noko av. Dermed var det berre eit lett lag med blå extra som skulle til.
I dag hugsa vi fotoapparatet. Men ekstra batteri vart gløymt. Dermed vart det berre halve turen vi fekk festa til linsa. Då vi kom opp i fjellheimen, der det verkeleg var fantastiske skiforhold, så var det sjølvsagt slutt på batteria. Typisk...
Men vi fekk oss ein nydeleg tur til Gråskallen, over heiane til Liasetstølane, og ned att til Lemme. Berre eitt einaste menneske møtte vi på vegen, heilt utruleg på slik ein dag! Vi hadde ikkje ein augneblink dårleg samvit for støvet heime, der vi sklei avgarde på silkeføre, med sola som selskap.. Tvert om. Tanken på alle som akkurat då antakeleg stod med hovudet i vaskebøtta gjorde oss faktisk utruleg nøgde!
Slike dagar må berre nytast!
| Første skituren |
søndag 9. desember 2007
Vossakorv de luxe
Søndagar kan brukast til så mangt, aller helst til lange turar, men av og til er det anna som må gjerast. I dag var den store pølsedagen i Langbrekk. Det er no eingong slik at det vert ikkje biff av alt kjøtet på hjorten, og på grisen fins det og eit og anna som ikkje er kotelettar. Så idag var dagen då 22 kg hjortekjøt og 7 kg gris skulle bli til pølser. Og det vart det :-) - 71 store fine korvar - vossakorv de luxe !
| Pølsemaker |
onsdag 3. oktober 2007
Still alive !
Nei då, eg er slett ikkje død..! Det har berre vore ei travel tid, med jobbskifte, kurs og seminar, hjortejakt og diverse diverse. Men eg har også hatt ei herleg veke i Italia, i midten av september, og no har eg endeleg fått lagt inn eit lite album med foto frå turen. Enjoy...
Anders sytte for at hjortejakta vart ein kort affære for meg i år, vi skulle nemleg jakte på same løyvet, men så kom han ein snartur heim ein fredag og felte likegodt ei hjortekolle dagen etterpå. Så stakk han av på jobb til Bankok/Burma, og eg vart sitjande att med jobben. Det er nokon som har det.. Men no er all gourmet' en godt forvart i frysaren, saman med haustens kantarell. Så vinteren er iallefall sikra, matmessig.
Elles har det vore travle dagar etter at eg tok til i ny jobb 1.september, som saksbehandlar i Helsetjenesteforvaltningen Vest, der eg jobbar med tannsaker. Ja, du las rett :) No kan eg det meste om kjeveortopedi, periodontitt og innkilte tenner..
Til helga skal vi på tur til Kongsvinger, der Benson er påmeldt på NKK-utstilling. Det blir spennande!

| Italia-tur sept-07 |
laurdag 4. august 2007
Kosegutten
Nei men Benson.. er dette lov da???

Ja, no har min lille B vore på hytteferie ei heil veke med fattern, og det er jammen lenge nok, kjenner eg. Sjølv om det også har vore litt godt å vere fri og åleine, så er det liksom noko heilt vesentleg som manglar - på eit vis..
Men i morgon kveld skal alt bli som før. Eg gler meg til bilen trillar inn i tunet, og ser alt for meg lille B komme ilande imot, med kroppsføring som ein ledda hjullaster og haleføring som rotorbladet på eit helikopter :-)
Og no må vi til å trene, for mens gutten har vore på ferie har mor nemleg meldt oss på blodsporprøve i Askvoll!
A home without a dog, is only a house...

søndag 29. juli 2007
Inaktiv ferie...
- kvifor er det ingenting som heiter det? Alt skal jo vere så forbaska aktivt i våre dagar, men akkurat ferien - den kan vel med fordel vere litt inaktiv?
Vel, det kjem vel an på utgangspunktet til den enkelte. For min del har det i år gjort godt med berre late dagar på hytta. Litt fisking og litt småturar sjølvsagt. Men ikkje dei lange turane denne gongen. Men gode bøker. Og god musikk. Og god vin...
Fotoapparatet gløymde eg som regel i hytta :-) Difor handlar biletserien stort sett om den - hytta altså..
p.s. har lagt inn eit par nye musikkspor av min favorittvokalist, gamle gode Joan Armatrading. Musikk som høver godt til rødvin...

| Roleg hytteferie |
p.s. har lagt inn eit par nye musikkspor av min favorittvokalist, gamle gode Joan Armatrading. Musikk som høver godt til rødvin...
Abonner på:
Innlegg (Atom)