Men snart er det vår!
søndag 29. mars 2009
tysdag 10. februar 2009
måndag 2. februar 2009
søndag 1. februar 2009
Kaldt men godt
Temperaturmålaren i bilen viste 15 minus då eg køyrde Vilde til stallen i halv åtte tida i dag tidleg. Heime var det heldigvis berre 10. Det er ikkje så ille kaldt det, så eg pakka sekken og la avgarde mot Bavallen straks morgonfòringa var unnagjort. Som regel er det vinden det kjem an på, kuldegradene er relativt "snille" så lenge det er nokolunde stilt. Men vind vart det òg, aukande med høgdemeterane. Så det vart ikkje rare pausen på Horgatoppen i dag, det var berre å hive seg ned igjen før neglespretten fekk tak..
Benson fekk ikkje vere med idag. For eg "juksa" og tok heisen frå Bavallen opp på Tråstøltoppen. Det er så unnasolt i Bavallen, og litt trasig å traske på ski oppetter alpinløypene, som reine "kjerringa mot straumen". I staden tok eg innover mot Raude Kross hytta og Kiseldur, og kryssa vidare over Slettafjellet derifrå. Det var allreie fullt med folk ved Horgaletten i halv elleve tida, men her fekk skitrekk vere skitrekk, det er no måte på juksing òg:)
Turen til topps gjekk lett og greit, her er jo såpass bratt at skifeller er eit "must". Eg nådde sendaren (1412 m.o.h) før klokka slo middag, og la på snu heim att til fårikålen med det same. Kjempefin tur, men kaldt..
![]() |
| Lønahorgi |
laurdag 31. januar 2009
Kolingseggi
Eg hadde eigentleg ynskt meg ein skikkeleg langtur idag, etter gamalt. Men då eg har deltidsjobb - det føles iallefall slik :) - som privatsjåfør for hestejenta i familien, kom vi oss ikkje avgarde før langt på dag. Men sola skein frå skyfri himmel og fylgde oss mest heile turen, så det vart ein bra tur likevel. "Avspark" kl 13 og heime att 16.15. Det fine med å bu på Kyte er jo at vi kan spenne på skia ute i tunet,og renne heilt heim att. Må berre hugse å ploge før det ber rett inn på murgolvet i garasjen! Og dessutan er det no greit med ski, for det kan bli ein bra lang tur på rimeleg kort tid, turen nedatt går nemleg temmeleg fort:)
Men i morgon skal pappen få ta sjåførvakta. Fineveret held visst fram, så det må kanskje bli ein horgatur igjen.. Eller kanskje ein tur med "nedoverski" ? Det kriblar jo litt i føtene til ein gamal alpinist. Og i Myrkdalen ligg Nordens nye skiparadis og ventar..
![]() |
| 2009-01-31 Kolingseggi |
søndag 18. januar 2009
Ei ny leike
Når det regnar på presten dryp det på klokkaren, heiter det visst. I det kvardagslege er det vel ofte slik at dette ordtaket kan brytast ned til at når det regnar på foreldre, dryp det ofte på borna. Men jammen kan det også vere omvendt!
Overraskinga var i allefall stor då mammo og pappen plutseleg vart eigarar av eit NIKON D1X speilreflekskamera sist veke, etter at eldstemann - fotografen - hadde vore på handel og fornya seg. Litt av ei bursdagsgåve må eg sei!

Dette skal bli moro å "leike" seg med, og kanskje få tatt nokre fine naturbilete. No gjeld det berre å lære seg bruken...
Overraskinga var i allefall stor då mammo og pappen plutseleg vart eigarar av eit NIKON D1X speilreflekskamera sist veke, etter at eldstemann - fotografen - hadde vore på handel og fornya seg. Litt av ei bursdagsgåve må eg sei!

Dette skal bli moro å "leike" seg med, og kanskje få tatt nokre fine naturbilete. No gjeld det berre å lære seg bruken...
søndag 11. januar 2009
En sång till modet
Dei norske legane som er på veg for å avløyse Mads Gilbert og Erik Fosse ventar framleis ved grensa i Al Arish utan å få koma inn i Gaza, høyrer vi på nyheitene i dag. Kirurgen Johannes Brattebø frå Voss er ein av dei som frivillig pakka sekken sin med kurs for krigsområdet. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at frustrasjonen må vere enorm. Lukke til, Johannes..
laurdag 10. januar 2009
Takk for dagen...
Bodil og Finn Morten - takk for invitasjonen :)
Eg e så glad idag,for eg e så heldig :) Takk barna mine, som gjorde dagen min så fin...! Takk til Vilde som "vekte" meg fem over tolv og sa "gratla med dagen mammo mi" og takk til Bodil og Anders..
Takk til deg Finn Morten, du e verdens allers tidigaste og finaste "svigerson" :) you made my day :)) Mom' love you all....
torsdag 8. januar 2009
I livets navn skal urett falle
Stille fakkeltog gjennom Vangen i kveld
Kringsatt av fiender,
gå inn i din tid!
Under en blodig storm -
vi deg til strid!
Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hva skal jeg kjempe med
hva er mitt våpen?
Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt,
menneskets verd.
For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må - men:
øk det og styrk det!
Stilt går granatenes
glidende bånd
Stans deres drift mot død
stans dem med ånd!
Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!
Elsk og berik med drøm
alt stort som var!
Gå mot det ukjente
fravrist det svar.
Ubygde kraftverker,
ukjente stjerner.
Skap dem, med skånet livs
dristige hjerner!
Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult
skyldes det svik.
Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn av brød og muld
eies av alle.
Da synker våpnene
maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd
skaper vi fred.
Den som med høyre arm
bærer en byrde,
dyr og umistelig,
kan ikke myrde.
Dette er løftet vårt
fra bror til bror:
vi vil bli gode mot
menskenes jord.
Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen
som om vi bar et barn
varsomt på armen
TIL UNGDOMMEN av Nordahl Grieg (1936)
søndag 4. januar 2009

Det måtte bli ein tur til Askøy igjen idag for å helse på, medan Anders enno er heime med pappapermisjon. Det er jo heile åtte dagar sidan vi såg vesle prinsessa, og då sov ho som ein stein under heile besøket..
Litt gåver måtte vi sjølvsagt ha med, og Den Store Barnesongboka fall tydeleg i den nybakte pappaen sin smak. No høyrer det vel med at vi hadde fått nyss om at det var mykje nynning og skralt med teksten når vesla skulle lullast i svevn :)
![]() |
| 2009-01-04 ask-tur-jan |
laurdag 3. januar 2009
Gratulerer med dagen, gamlemor!
Det er ikkje så mange 85-åringar som kan bite seg sjølv i stortåa, bortsett frå denne dama :)
Det blir liksom aldri ende på mat-orgiar og kakestyr her i huset, for når jule- og nyttårsbesøka endeleg er over, skal alle steinbukkane i familien til å feire bursdagane sine. I dag har vi gjort unna to av dei, ei nybakt oldemor som runda 85, og Sigmund sin, han er ikkje er fullt så gamal, men har òg bursdag i dag.
Den nybakte oldemora hadde diska opp i den nye aldersbustaden sin, og stuva inn både stort og smått i den vesle stova si. Ei spesiell og kjekk stund vart det, sidan kalenderen høvde så greitt denne gongen at alle ungdomane framleis var heime frå studiar og jobb kring i landet. Jubilanten sjølv var i storform som vanleg. Berre litt uroleg for at ho ikkje skulle få med seg dagens bowling, oppi alt styret...
Gåver i form av saker og ting ville ho ikkje ha. Men stova minna mistenkeleg om eit blomegartneri då vi takka for oss utpå kvelden. Sjølv må eg tilstå at eg var inne på tanken om å gje ho eit tandem fallskjemhopp i gåve. Men eg er glad eg besinna meg. For eg skal banne på at ho hadde hoppt..
fredag 2. januar 2009
Heilt på trynet...
Det var nesten godt at vi var åleine på ski idag, Benson og eg. For makan til "kollbøtteri" er det lenge sidan eg har vore med på. Til og med Benson hadde problem med sikta, og tryna skikkeleg fleire gonger. Han fostod ingenting stakkar, og såg på meg med eit heilt fortvila uttrykk i hundefjeset sitt :) Eg måtte le høgt, for det var jo for det meste berre løye, og bortsett frå ei hoven leppe og eit blåmerke her og der gjekk det i grunnen heilt bra:)
Heile partiet frå Liaset til Skjevlingen var komplett whiteout. Alt var kvitt i kvitt, og konturane heilt umogleg å sjå. Det var nesten som ein lettelse då vi kom til Langetjørna og kunne gå over isen.
Kort oppsummert -ein tur med høg "på-trynet faktor" !
![]() |
| 2009-01-02 |
Abonner på:
Innlegg (Atom)





