måndag 29. desember 2008

Kveldstrim

Det vart ein kjapp liten kveldstur med hovudlykt til Skjevlingen i kveld òg, i bekande mørkne, endå klokka var ikkje meir enn vel fem då vi la avgarde. Det er ikkje mykje hjelp å få av månemannen heller akkurat i desse tider. Men godt er det no å tenkje på iallefall, at sola faktisk har snudd. No går det berre ein veg..

Med litt kjapp gange tek ikkje denne turen meir enn knapt halvannan time. Men det gjer godt med ein slik ein for dagen i desse tider. Godt å gå av seg både det eine og den andre, og då tenkjer eg ikkje berre på kaloriar.
Av og til kan det vere godt å brenne av seg andre ting òg, om ikkje anna enn stusselege tankar..

laurdag 27. desember 2008

onsdag 24. desember 2008

Vår vesle julestjerne


Siri kom til verda litt over kl 10 i dag, på sjølvaste jolaftan. 3500 gram, ei frisk og tidig lita tulle ;

tysdag 23. desember 2008

God jol!


Husnissen på Florvåg

I morgon- 24.desember- er visst ventetida over. Ja, adventtida altså, som jo tyder ventetid. Men her hjå oss begynner ventetida omtrent på denne tida. No gjenstår det berre ei lita veke før Kine har fødselstermin og veslejenta inni magen skal ut og møte verda.. Og den tilkomande bestemora - og bestefaren òg naturlegvis - er sjølvsagt yre av begeistring og sitrande spenning!

søndag 21. desember 2008

Solsnu




Som det seg hør og bør i desse tider har eg sett meg eit nyttårsforsett. Det er kanskje litt spesielt, men det får vere so, litt a-typisk kanskje. Eg har nemleg tenkt å bli ein (endå) større egoist...

Kort fortalt handlar det om prioritering av tid. Den du veit, som det blir mindre og mindre av jo eldre vi blir, og no nærmar eg meg den sokalla middagshøgda. Difor har eg tenkt å gje ein lang f.. i sundagsmiddagar og besøk på solfine dagar. Eg har tenkt å fare på hytta akkurat når det passar meg. Og neste 17.mai skal eg feire i fjellet..

Tida går fortare og fortare, seiest det. Det er vel ei sanning med modifikasjonar. Det har vel meir med korleis vi opplever den. Det er dessutan mogleg å ha eit heilt anna perspektiv på tida. Tida går nemleg ikkje. Ho kjem...

fredag 19. desember 2008

Vadlasletta

Det er visst jul snart.. Men eg har ikkje vaska golvet. Eller laga englestigar. Krumkakene har eg tenkt å droppe i år. Eg tenkjer at eg kan heller laga ein boks til fuglane i januar, så blir dei ferskare for dei.

Det er mørkt ute, men enno tidleg kveld. Vinden sender vadlasletta mot stoveglasa. Somme kallar det drittvèr. Men det er no eit vèr. Alt vèr har sin sjarm. Korleis kunne vi elles gle oss slik over godvèret, hvis det aldri var drittvèr?

Men eg har strigla ski'na mine. Med glider og grundvalla og stålbørst.. Eg har nemleg tenkt meg på ski i jula. Slik vèrutsiktene ser ut akkurat no må det visst høgare makter på bana. Men det satsar eg på. For eg har høyrt at dei sokalla høge maktene har "vakt" i desse tider..

Tenk, no er det berre 2 dagar igjen. Til den store dagen. Den 21. desember snur ho. Sola...

tysdag 16. desember 2008

Det lyser i stille grender

- og bråkete byar


Askøybrua sett frå verandaen til Anders på Florvåg sist laurdag kveld

Etter mange år utan pengar til lyspærer og straum, har perlerada over Askøybrua lyst att siste året. BKK har påteke seg ansvaret for å halde lekkja lysande i ti år har eg lese, ei sponsegåve til den nette sum av 300.000 kroner.

Jau, visst er det fint med lys. Men heilt fritt er det no likevel ikkje for at tanken sviv innom den absurde dobbelmoralen oppi det heile, i desse miljøsparetider...

fredag 12. desember 2008

Måneskinstur


Han var majestetisk i kveld, månen (i går kveld, det er visst natt no:)). Så gedigent suveren og einerådande..
Kveldsturen var berre heilt fantastisk, og hovudlykta aldeles til overs.
Men noko mangla likevel. Den gode samtalen. Så nær, men likevel så fjern..

Frå det store inkje dukka han berre plutseleg opp, på heimvegen. Bob Dylan.
Ikkje veit eg kvar han kom frå.


Don't Think Twice, It's All Right
It ain't no use to sit and wonder why, babe
It don't matter, anyhow
An' it ain't no use to sit and wonder why, babe
If you don't know by now
When your rooster crows at the break of dawn
Look out your window and I'll be gone
You're the reason I'm trav'lin' on
Don't think twice, it's all right

It ain't no use in turnin' on your light, babe
That light I never knowed
An' it ain't no use in turnin' on your light, babe
I'm on the dark side of the road
Still I wish there was somethin' you would do or say
To try and make me change my mind and stay
We never did too much talkin' anyway
So don't think twice, it's all right

torsdag 11. desember 2008

Vinter i fjellet

Holgershytta - hytta vår ved Langetjørna

tysdag 2. desember 2008

Vær så god, stig på!


Dette var berre lækkert!

Det nyinnkjøpte, etterlengta treningsapparatet er no langtidsparkert og fastplugga på eine gjesterommet, og mitt nye isolerte og inneslutta innomhusliv kan endeleg ta til!...
Heretter befriande blotta for frisk luft og forstyrrande naturopplevingar, skjemmande sollys, støyande vindrufser og vederstyggelege stjernehimlar..
Innanfor ein radius på nokre få kvadratmeter kan eg no med Ipod'en i øyra sirkulere uforstyrra i min eigen lukkerus mellom pc'en, tredemølla, dusjkabinettet og senga, fullstendig skjerma frå alskens utyskje som måtte høyre naturen til, medan Benson, stakkar, ligg utrimma og forsømd på matta si, i djup hundedepresjon..

Jau, det er visst av sine eigne ein skal ha det. Dei får berre halde på. Det bryr meg midt bak. Eg er nemleg storleg nøgd med investeringa mi. Dessutan varer jo moroa adskilleg lengre enn ein sydentur, som trass alt berre er ein litt annan og latare form for luksus:-)

søndag 30. november 2008

Liaset i dag

Skituren avgrensa seg vel i grunnen sjølv då vi nådde Liaset i dag, Benson og eg. Snømengda er ikkje meir å skryte av enn at det får greie seg å fylgje stølsvegen oppover. Opne vatn og elvar og berre 20 cm lett nysnø gjorde turen over til Skjevlingen til ei litt større utfordring enn eg hadde førestilt meg. Dermed vart det retur samme vegen, og ein litt kortare tur enn planlagt.

Men det får vi ta att ein annan dag - tur vart det iallefall,og av ein eller annan uforståeleg grunn smakar kjøtkaker og kålstuing alltid litt betre etter ein skitur :)


laurdag 29. november 2008

Vi galne har det godt

Eg er vanlegvis ikkje å rekna for særleg kjøpelysten, og trasking i butikkar høyrer i grunnen til ein type aktivitet som eg har heller sparsom interesse for. Men når det er sagt, så får eg vel legge til at dagen i dag vart eit durabeleg unntak. I dag har nemleg muttern vore ute og handla så det lukta svidd av VISA kortet..

Muttern har rett og slett kjøpt seg sjølv ein skikkeleg julepresang !