måndag 25. august 2008

Godt alt som er hjort...



Det har visst vore labert med bloggen ei stund no. Kan vel ikkje skulde på tida heller. For det er vel slik at ein har tid til det som ein har lyst til, er det ikkje so det heiter? Av og til skulle eg ønske det var omvendt òg, at ein hadde lyst til det som ein har tid til..

Hausten nærmar seg med stormsteg no, og jakta står for døra. I dag har eg vore på skytebanen og gjort unna dei siste 15 treningsskota, ja og so sjølve skyteprøven då. Manndomstesten..:) Faktum er at i dag var vi 3 kvinner i same skytelaget. Det er faktisk første gongen eg har opplevd å ikkje ha berre mannfolk rundt meg på standplass. Litt moro det. Iallefall sidan vi alle klarte prøven med glans, medan somme andre låg og dundra og plafra i både andre og tredje forsøk.. Ikkje for å vere høg på pæra, for prøven eg gjorde ikveld er faktisk den dårlegaste eg har gjort, litt for høg og litt for langt til høgre var serien denne gongen. Men godt nok. Det er jo berre å justere eit par knepp. Trøysta får vere at dei siste 30 skota eg har fyrt av alle ville vore dødelege på eit hjortedyr.. Det gjev litt ro å vite. Og det er viktig.
Så no går vi jakta blidt i møte, eg og min lette, lekre og splitter nye Tikka T3, 6,5 kaliber :)

No gjeld det berre at hausten blir fin, så turane blir fullkomne. Kva er vel betre enn klare, fine haustdagar i fjellet?
Med sol...

Men ho er visst borte no. Ho skin ikkje lenger. Tenk om berre sola hadde kome att...




Benson og underteikna under jakta for to år sidan

Ingen kommentarer: