laurdag 19. mai 2007

Flatbrød

Flatbrødbaking


I dag vart det flatbrød. Kva vettugare kunne vi vel bruke ein regntung laurdag til - enn å bake flatbrød?? Planen vart lagt i dag tidleg kl 04.15 - då damene endeleg fann det fornuftig å krype til køys etter ei heller lang og festleg samkome..
Vi vakna til lått og tendensar til mobbing ved frukostbrodet..
Men det som var sagt var bestemt, og dermed var det berre å skride til verket. Karane fekk bakstefjøla og steikehella på plass, og vel 12 på føremiddagen var vi i full sving i garasjen. Seks timar og fire fulle flatbrødøskjer seinare var det to trøytte nabokjerringar som parkerte kjevlet. No er iallefall flatbrødsoppa redda for denne sommaren!
Men i kveld skal det bli godt å legge seg, kjenner eg - tidleg...

torsdag 17. mai 2007

Fantastisk 17.mai...

17.mai 2007


Værgudane synte seg frå si beste side i dag tidleg, og me har hatt ein fantastisk flott syttande mai. Tradisjonen tru måtte me på Vangen og sjå barnetoget, seinare vart det besta-besøk på sjukeheimen, og heimom til litt spekemat før det bar nedatt til folketoget. Benson fekk og på seg "bunad" i år, og me stillte under hundeklubben si fane - evig trufast..:-)
men det var godt å komme heim på terrassen etterpå, med enda meir spekemat og litt god kald pils frå kjøleskåpet.

Jau, det har vore ein fin dag. Likevel må eg innrømme at eg har tenkt opptil fleire gonger på Mari og Dag Arild idag, som bestemte seg for å via dagen til topptur på Skipadalsnuten.. Dei kunne vel ikkje valt ein betre dag, etter frostnatt og daggry med skyfri himmel.
Men tider skal koma. Tida kjem nok då mor er til overs, og alle søte små (og litt større) greier med bunadane sjølve. 17.mai på Hardangerjøkulen har freista lenge, eller Lønahorgi.. Da spørs det vel berre om mor er sprek nok. Me skal jobbe med saka..
Gratulerer med dagen!

tysdag 15. mai 2007

kom mai du skjønne milde...

"Vårstemning" på terrassen - takk stemor- du takknemlege vårblome!



Nei, i dag spring vi ikkje til fjells i shorts :-)
Det er 15.mai, og vi slår opp strykebordet for å stryke bunadskjorter for n'te gong denne månaden - medan vi glyttar ut glaset og ser snøen dalar.. Men det er berre for eit lite bel, for i neste augekast gliser sola igjen.
Det er ein facinerande værmånad, denne mai.
Bjørnstjerne Bjørnson får velge det han vil, jeg velger mig mai..
God syttande til alle !

søndag 13. mai 2007

Liaset i dag

mai-bilder

I dag kom vi oss nesten tørrskodde til Liaset, og det gjorde skikkeleg godt med litt frisk luft etter å ha vore i 50-års kalas kvelden før.

Framleis ligg det snøfonner etter stien, men det er utruleg kor raskt dei minkar no, trass i den heller kalde vertypen vi har hatt siste veka.

onsdag 9. mai 2007

No livnar det i lundar...

- men snøen blir seig i år, ser det ut til. Vi hadde oss ein rask kveldstur til Skjevlingen i dag, og det var bart og fint nesten heilt opp.Men vidare var det håplaust, og vi nådde ikkje så langt som til Raudkjeldo før det var uframkomeleg i fjellsko.
Det blir nok lenge før vi kan springe ruta om Skjevlingen til Liaset og heim i år.
Kaldt var det og. Men vi hadde ein liten stopp for å nyte utsikten på Skjevlingen

Utsyn over Graueåsen og Storåsen, med Gråsido og Vangsvatnet i bakgrunnen


Utedoen på Skjevlingen, fint gøymd i terrenget

onsdag 2. mai 2007

Jo visst er det vår!

Benson

- i alle fall på terassen..
Vi skal ha konfirmasjon til helga, men no er vindaugo ferdig vaska, tregolva er skura og bunadskjortene strokne. Så i kveld tenkte eg vi kunne unne oss ein fjelltur, Benson og eg. Vi la avgarde i sjutida, kun iført joggesko og kortbukse. Det er jo nesten sommar! -tenkte vi. Målet for kvelden var Liaset, første turen dette året utan ski.
Vi kom ikkje lenger enn øvst i trået før skepsisen melde seg. I skarpsvingen under Sniglabakken var snøfonnene digre, men vi forserte med freidig mot. Her er det unnasolt, kanskje blir det betre..
Ved Budeiebykse måtte vi resignere. Vi angra på skovalet og kortbuksa, og snudde heimover. Søren og, at vi kan ta så feil. Som eit plaster på såret la vi heimturen om lunneplassen ved Storemyra. Benson fekk bada seg i Lemmestjørna og var strålande happy - så happy som berre ein springer kan bli - når det er vatn i sikte!
Men Liaset var for tidleg, minst ei veke for tidleg..


tysdag 1. mai 2007

Eksperiment..

Er dette noko for older people, skal tru - blogging?? Eg fekk så lyst å prøve! Eg fekk invitasjon fra son min Anders hin dagen, som inviterte meg til fjesboka - Facebook - som det heiter. Det er visst ein farsott blitt, blant dei yngre. Men eg "joined" in, og no er fjeset mitt blant Anders's friends, and friends we have in common, slik som sambo Kine og tantebarna mine..
It's a new world..
Men eg må berre innrømme - at eg syns det er kjempemoro!! No kan eg sjå fjesa på alle venene til ungane mine, og lese om kor skøy dei har det. Det er berre litt få gamlingar med - enda :-)
Men tusen takk, Anders, som inviterte gamle muttern med på leiken!

I facebook kan du slutte deg til ulike grupper.. f.eks. gruppa "eg vil heimatt te Voss".., eller ei f.eks den gruppa som eg umiddelbart følte meg heime i - og tilslutta meg, nemleg gruppa "trim for eldre". Her vart eg tilbydd lynkurs i serviettbretting f.k. mandag frå 8.30 til 8.32... - og neste veke skal det vere seminar med tema "Pimp my rullator". Eg gler meg!!

Det er vel mykje sant i uttrykket: vi får ikkje meir moro enn vi skaper sjøl. Førebels er eg nok ein litt passiv medlem i Facebook, det er akkurat som eg vegrar meg litt for å invitere mine jamnaldrande vener, skal tru om dei vil føle seg heime der?? Men kanskje inviterer eg deg ein dag.. Skal vi forbli evig unge, som vi ynskjer, så gjeld det jo å henge med :-)!! Ikkje sant?

I dag heldt eg på å falle for freistinga, å klikke på Join the group: "If you can't fix it with Gaffa tape, you haven't used enough". DEN hadde vore noko for meg! men eg besinna meg.. No skal eg prøve meg på denne blogg-greia, først, trur eg!