søndag 30. desember 2007

Midt i mellom...





Somme kallar det romjul. Dvs. dei aller fleste kallar det vel romjul. Men vi kallar det melsdagar, altså dagane mellom jul og nyttår.

I år hugsa eg dei, medan butikkane enno heldt ope. Så eg bunkra opp for ein god hundrelapp i kjærlighet på pinne og nox og fox og sjokoladegreier. Eg snakkar om julebukkane, sjølvsagt. Det formeleg kryr av dei her i grenda, Gud veit kvar dei kjem frå..! Men det er alltid like moro å få dei innom dørene, og halde litt ap med dei, og sjå kva dei kan !:) Ein jolasong er det minste dei må by på, før muttern finn fram godteposen. Dessutan tykkjer Benson det er umåteleg stas med slikt besøk.. for han må jo få noko godt han og då, sjølvsagt, når alle andre får.
Ja, ja, koseleg er det iallefall. Sjølv om det dessverre er slutt på den tida det var stas å få eple og mandariner..

Benson og eg har hatt oss ein fin skitur i dag òg. Det var litt isete og ilt å gå tunet heime, men frå Lemme og oppover var det reine moroa. Fine løyper og nydeleg skiføre! Klok av skade la eg ikkje noko under skia heime, men putta skifellene i lomma i tilfelle glattsnø. Dei fekk eg aldri bruk for. Vi møtte turrsnøen alt i Lemmestrået, og deretter var det reine silkeføret opp til Liaset.


Romjul

onsdag 26. desember 2007

White Christmas






I dag kunne eg spenne skia på ute i tunet. Forholda såg lokkande ut frå kjøkenglaset, men snøen var kram og våt og eg forstod fort at her vart det ikkje lett å smørje. Men bakglatte ski er det verste eg veit, så eg la under eit lett lag med raud swix. Det fungerte heilt fint, ei lita stund ..:(
Hadde eg visst kor kort veg det var til tørrsnøen, så hadde eg valt annleis. Men skitt au. Sjølv om klabbane under skia gjorde turen litt meir strabasiøs enn den kunne vore, så vart den ikkje så verst likevel!
Benson var i allefall stornøgd, særleg då vi traff Erling og lille Pella på heimvegen. Snakk om gjensynsglede!


2.juledags skitur

søndag 16. desember 2007

Pølsefesten

Siste etappe


Så er pølsefesten over for denne gong, og korven er komen i fryseboksen. Produktet var gjenstand for prøvesmaking på den store oppskoka sist onsdag, og kom ut med terningkast 6. Då får vi vel vere nøgde !

laurdag 15. desember 2007

Skidag




Med det nydelege været vi vakna opp til idag sa det seg i grunnen sjølv. At i dag fekk krumkaker vere krumkaker og vaskefille vere vaskefille. Benson var aldeles samd. Han roterte rundt som ein tørketrommel då han såg at skiskoa vart henta fram. Det er heilt utruleg kva ein hund kan memorere...

Vi har ikkje meir snø enn vi treng endå, men vi bestemte oss for å gå frå tunet heime, berre lille B og eg. Fattern skulle på Vangen, og vi misunte han ikkje eit sekund. Godt var det at skiparken i garasjen var reingjord etter fjorsesongen. Vi valde det gamle, utslitte atomic paret, sidan vi skulle gå frå Lyderbakken. Dei var innsette med grundvalla frå i vår, preparerte for den siste turen som aldri vart noko av. Dermed var det berre eit lett lag med blå extra som skulle til.

I dag hugsa vi fotoapparatet. Men ekstra batteri vart gløymt. Dermed vart det berre halve turen vi fekk festa til linsa. Då vi kom opp i fjellheimen, der det verkeleg var fantastiske skiforhold, så var det sjølvsagt slutt på batteria. Typisk...

Men vi fekk oss ein nydeleg tur til Gråskallen, over heiane til Liasetstølane, og ned att til Lemme. Berre eitt einaste menneske møtte vi på vegen, heilt utruleg på slik ein dag! Vi hadde ikkje ein augneblink dårleg samvit for støvet heime, der vi sklei avgarde på silkeføre, med sola som selskap.. Tvert om. Tanken på alle som akkurat då antakeleg stod med hovudet i vaskebøtta gjorde oss faktisk utruleg nøgde!

Slike dagar må berre nytast!

Første skituren

søndag 9. desember 2007

Vossakorv de luxe

Søndagar kan brukast til så mangt, aller helst til lange turar, men av og til er det anna som må gjerast. I dag var den store pølsedagen i Langbrekk. Det er no eingong slik at det vert ikkje biff av alt kjøtet på hjorten, og på grisen fins det og eit og anna som ikkje er kotelettar. Så idag var dagen då 22 kg hjortekjøt og 7 kg gris skulle bli til pølser. Og det vart det :-) - 71 store fine korvar - vossakorv de luxe !
Pølsemakeriet

onsdag 3. oktober 2007

Still alive !

Nei då, eg er slett ikkje død..! Det har berre vore ei travel tid, med jobbskifte, kurs og seminar, hjortejakt og diverse diverse. Men eg har også hatt ei herleg veke i Italia, i midten av september, og no har eg endeleg fått lagt inn eit lite album med foto frå turen. Enjoy...
Anders sytte for at hjortejakta vart ein kort affære for meg i år, vi skulle nemleg jakte på same løyvet, men så kom han ein snartur heim ein fredag og felte likegodt ei hjortekolle dagen etterpå. Så stakk han av på jobb til Bankok/Burma, og eg vart sitjande att med jobben. Det er nokon som har det.. Men no er all gourmet' en godt forvart i frysaren, saman med haustens kantarell. Så vinteren er iallefall sikra, matmessig.

Elles har det vore travle dagar etter at eg tok til i ny jobb 1.september, som saksbehandlar i Helsetjenesteforvaltningen Vest, der eg jobbar med tannsaker. Ja, du las rett :) No kan eg det meste om kjeveortopedi, periodontitt og innkilte tenner..

Til helga skal vi på tur til Kongsvinger, der Benson er påmeldt på NKK-utstilling. Det blir spennande!





Italia-tur sept-07

laurdag 4. august 2007

Kosegutten

Nei men Benson.. er dette lov da???



Ja, no har min lille B vore på hytteferie ei heil veke med fattern, og det er jammen lenge nok, kjenner eg. Sjølv om det også har vore litt godt å vere fri og åleine, så er det liksom noko heilt vesentleg som manglar - på eit vis..
Men i morgon kveld skal alt bli som før. Eg gler meg til bilen trillar inn i tunet, og ser alt for meg lille B komme ilande imot, med kroppsføring som ein ledda hjullaster og haleføring som rotorbladet på eit helikopter :-)
Og no må vi til å trene, for mens gutten har vore på ferie har mor nemleg meldt oss på blodsporprøve i Askvoll!

A home without a dog, is only a house...

søndag 29. juli 2007

Inaktiv ferie...

- kvifor er det ingenting som heiter det? Alt skal jo vere så forbaska aktivt i våre dagar, men akkurat ferien - den kan vel med fordel vere litt inaktiv?
Vel, det kjem vel an på utgangspunktet til den enkelte. For min del har det i år gjort godt med berre late dagar på hytta. Litt fisking og litt småturar sjølvsagt. Men ikkje dei lange turane denne gongen. Men gode bøker. Og god musikk. Og god vin...

Fotoapparatet gløymde eg som regel i hytta :-) Difor handlar biletserien stort sett om den - hytta altså..

Roleg hytteferie


p.s. har lagt inn eit par nye musikkspor av min favorittvokalist, gamle gode Joan Armatrading. Musikk som høver godt til rødvin...

torsdag 5. juli 2007

Endeleg...

Ferie - det er eit ord som smakar litt godt!
Ein dag igjen på jobben no, så er vi der. Eg har tenkt å fare rett frå jobben i morgon, inn på hytta, og starte med ei stille veke,heilt for meg sjølv. Bilen er vaska og pakka, det er ikkje så mykje eg treng, det meste har eg jo der. Ein kjapp tur innom bokhandleren må eg ha først, og så ein liten tur innom vinhandleren.
Viviere nesesse est..
Litt kjiipt er det jo, at Anne Ragde ikkje slepper boka si før 9.august - da er jo ferien over! Men da må vi vel berre vente da, alle vi som lurer på korleis det går med Tor og Torunn,Erlend og Krumme... Men Shirley skal vere med - Shirley Valentine - ein av mine favorittfilmar. Den må eg sjå kvar sommar- ein gong i året - helst med kvitvin.. Den er like god kvar gong, enda eg kan den snart utenat, monologen hennar mot veggen...
Har du ikkje sett den!!! Da MÅ du...
God ferie!
p.s. hytta mi er alltid åpen. Er eg ikkje heime,kjem eg sikkert snart.. :-)

måndag 2. juli 2007

Det vanskelege valet...


Fy,fy,fy!

Eg har nok berre fortrengt det... For eg har eigentleg hatt den ekle følelsen ei heil stund - minst to veker.. At no må eg skjerpe meg.
Det kulminerte på ein måte i går kveld, då eg reiste meg frå den sabla gode, nye sofaen for å hente meg eit lite glas vin - berre eit lite glas til - midt under Brannkampen. For der kjem det frå gubben, smilande over ølboksen sin, (det var nok godt meint..): nei, no ser eg pinadø tegn til den struttande, deilige rompa igjen!
Eg kunne drept han der og da.

Men eg gjorde det selvfølgeleg ikkje. I staden luska eg meg ut på badet, og drog fram den ekle digitale greia, og lot det stå til. Tre - 3 - kilo på fjorten dagar...
Det er så forbanna urettferdig! Der kan han ligge og velte seg i sofaen, og ta til seg så mange tusen kaloriar at sjølv kuleramma til Jean-Pierre Serre ville ha kome til kort,og det gjev ikkje det minste utslag korkje her eller der..

Og enda likar han ikkje dessert. Er det ikkje for j.. urettferdig at tynne folk ikkje ein gong LIKAR dessert! Det fins ikkje noko meir image-nedbrytande enn å gå på restaurant med slikt. "Har du lyst på dessert?? Du må berre bestille, men eg trur eg står over..."
Pokkers gledesdreparar. Det er det dei er! Men dei forstår det selvfølgeleg ikkje.

Men no er det slutt. No har vi meiska oss med sommar og kvitvin, reker og majones og øl og biff og bernaise og rødvin og beina på bordet lenge nok. Så idag har vi hatt oss ein tur med joggeskoa på, Benson og eg. Når eg tenkjer etter, så er det vel eit par veker sidan eg har sveitta skikkeleg..
Vi får berre innsjå det. Fjorten dagar med autopilot er meir enn nok, no svitsjar vi over til manuell styring. Og enda har ikkje ferien starta.. Herregud, korleis skal dette ende..






Sånn ja, SÅNN må det vere...


torsdag 21. juni 2007

Eit sorgens kapittel...

Eg har nett lagt frå meg boka til Håvard Melnæs, "En helt vanlig dag på jobben". Det var hovudrystande lesnad, mildt sagt. Frå ende til annan. Eg måtte faktisk lese somme avsnitt to gonger, og eg tok meg i å klype meg i armen; les eg dette eller drøymer eg no...?
Eg som trudde menneskehandel ikkje eksisterte her i landet! Men det gjer det altså, berre i ei litt anna form enn den tydinga ein vanlegvis knyter til ordet. Det er reint ille å vere vitne til det moralske forfallet som har funne stad siste åra innan vekeblad- og tabloidpressa.
Eg minnest den tida Vær Varsam-plakaten var ein Bibel,som hang som ein husregel-plakat på veggen over arbeidsplassen, og i tillegg vart utlevert saman med pressekortet i ein liten rosa folder med gullbokstavar. No trykkjer dei visst ikke plakaten lenger. Men det var den gongen det, då ordet integritet var eit heidersord i yrket.
Vel,vel, det er ikkje det at ein har vore feilfri. Eg kan endå kjenne den vemmelege kjensla av dårleg samvet, etter at eg tok med meg heile familien gratis inn i Legoland på pressekortet mitt, og skreiv meg inn i gjesteboka som journalist for BT - som naturlegvis aldri hadde planar om nokon reportasje frå legoklossbyen :-)
Men det har liksom ein litt annan, og meir uskuldig dimensjon. Iallefall etter dette!

Nei, no skal eg lese noko meir oppløftande ,trur eg. I kveld tek eg med meg Stieg Larsson og køyrer på hytta. God helg!

tysdag 19. juni 2007

Ein dag utan er ein dag utan meining..

Eg snakkar selvfølgeleg om musikk. Eg elskar musikk. Jazzen ligg mitt hjarte nærmast, men elles kan eg lytte til alt - frå pop og country til klassisk, berre eg slepp å høyre på Hellbillies. DET er eit mareritt...
I dag har eg prøvd å legge inn nokre musikkspor på bloggen. Eg fall ikkje for freistinga å legge inn berre jazz. Derimot vart det visst mange sentimentale låtar, men det får vi jamne ut etter kvart. Dessutan får eg det visst ikkje heilt til, for når eg legg ned musikksida forsvinn bloggen. Med pil attende kjem Bloggen att, men da forsvinn musikken! Vi får jobbe med saka..

søndag 17. juni 2007

Mission completed

Så er endeleg flaggstonga ferdig, og mor kan pusta letta ut. No blir det vel slutt på mobbinga og, får eg håpe. Det har ikkje vore mykje fred å få siste månaden, etter at muttern tok munnen litt for full i haust, og lova Anders og Kine nymålt flaggstong til 17.mai. Men mai eller juni - kan det vere så viktig - den var iallfall nymålt den 17...




Askoy

fredag 15. juni 2007

God morgan!



No er iallefall sommaren her - for no har Sigmund pussa støvet av morgan'en sin...!
Postpakka med deler har kome, og vidunderet har fått bremser igjen. No ventar me berre på ein prøvetur..

måndag 11. juni 2007

Stekte røde tomater...

Oppheim-Lemme 10.juni 07

Sundag 10.juni rann med godvær og skyfri himmel, og - som dagen før - måtte eg tidleg opp då eg skulle vere sporleggar til brukshundkonkurransen på Brandset. Halv åtte bar det iveg. Sigmund og Benson vart med, og vi planla å leggje heimturen til fots frå Oppheim, over Skorseteggi, og heilt heim til dørstokken, ein tur på ca 4 timar - vanlegvis...

I tolvtida kom vi oss iveg frå Blikberg. Etter ca. 1,5 times gange med god stigning var vi over tregrensa, og skepsisen steig etter kvart som snøfonnene vart større og større. Heldigvis bar snøen så nokonlunde, så vi rekna med å komma oss over eggja og tenkte kanskje at fennene var mindre på sørsida.. Men vi sleit heilt til Kolingseggja, og vurderte sågar å snu ned att same vegen ei stund.

Det kjendes i lår- og leggmuskulatur om kvelden. Sjølv om turen er berre eit par mil lang, så er det liksom litt ekstra tungt når ein må gå på snø - det er omlag som å gå i sand. Litt tyngre på ein måte :-))

Men det var ein nydeleg tur. Vi brukte nesten 5 timar effektiv gange, og Benson var henrykt, men pudding resten av kvelden. Det samme kan vel kanskje seiast om underteikna, som kjenner at treningsgrunnlaget kunne vore noko betre. Dessutan svir det så satans på skuldrene.. Solfaktor 8 er for lite på 1000 meter i snø, det har vi iallefall lært!

laurdag 9. juni 2007

Kvitvin og reker = sommar


Tja, treng vi noko meir da?

Tre fantastiske dagar...

Gjengedalen juni-07


Så fekk eg meg endeleg ein liten husmorferie - tre fantastiske dagar åleine på hytta i Gjengedalen, Benson og eg. Dei var avsett til opplading, for utbrende batteri treng opplading. Men tre dagar var litt lite, dei to første vart på ein måte borte... heiter det utlading..???
Eg fekk tatt nokre få bilete frå Paradiset mitt der inne, mellom Dalevatnet og Storevatnet. Dei lange turane vart ikkje av denne gongen. Men Benson bada og kosa seg i det fantastiske sommarveret. Sidan Benson ikkje er nokon stor fotograf vart det berre han og naturen vi fekk bilde av denne gongen

laurdag 19. mai 2007

Flatbrød

Flatbrødbaking


I dag vart det flatbrød. Kva vettugare kunne vi vel bruke ein regntung laurdag til - enn å bake flatbrød?? Planen vart lagt i dag tidleg kl 04.15 - då damene endeleg fann det fornuftig å krype til køys etter ei heller lang og festleg samkome..
Vi vakna til lått og tendensar til mobbing ved frukostbrodet..
Men det som var sagt var bestemt, og dermed var det berre å skride til verket. Karane fekk bakstefjøla og steikehella på plass, og vel 12 på føremiddagen var vi i full sving i garasjen. Seks timar og fire fulle flatbrødøskjer seinare var det to trøytte nabokjerringar som parkerte kjevlet. No er iallefall flatbrødsoppa redda for denne sommaren!
Men i kveld skal det bli godt å legge seg, kjenner eg - tidleg...

torsdag 17. mai 2007

Fantastisk 17.mai...

17.mai 2007


Værgudane synte seg frå si beste side i dag tidleg, og me har hatt ein fantastisk flott syttande mai. Tradisjonen tru måtte me på Vangen og sjå barnetoget, seinare vart det besta-besøk på sjukeheimen, og heimom til litt spekemat før det bar nedatt til folketoget. Benson fekk og på seg "bunad" i år, og me stillte under hundeklubben si fane - evig trufast..:-)
men det var godt å komme heim på terrassen etterpå, med enda meir spekemat og litt god kald pils frå kjøleskåpet.

Jau, det har vore ein fin dag. Likevel må eg innrømme at eg har tenkt opptil fleire gonger på Mari og Dag Arild idag, som bestemte seg for å via dagen til topptur på Skipadalsnuten.. Dei kunne vel ikkje valt ein betre dag, etter frostnatt og daggry med skyfri himmel.
Men tider skal koma. Tida kjem nok då mor er til overs, og alle søte små (og litt større) greier med bunadane sjølve. 17.mai på Hardangerjøkulen har freista lenge, eller Lønahorgi.. Da spørs det vel berre om mor er sprek nok. Me skal jobbe med saka..
Gratulerer med dagen!

tysdag 15. mai 2007

kom mai du skjønne milde...

"Vårstemning" på terrassen - takk stemor- du takknemlege vårblome!



Nei, i dag spring vi ikkje til fjells i shorts :-)
Det er 15.mai, og vi slår opp strykebordet for å stryke bunadskjorter for n'te gong denne månaden - medan vi glyttar ut glaset og ser snøen dalar.. Men det er berre for eit lite bel, for i neste augekast gliser sola igjen.
Det er ein facinerande værmånad, denne mai.
Bjørnstjerne Bjørnson får velge det han vil, jeg velger mig mai..
God syttande til alle !

søndag 13. mai 2007

Liaset i dag

mai-bilder

I dag kom vi oss nesten tørrskodde til Liaset, og det gjorde skikkeleg godt med litt frisk luft etter å ha vore i 50-års kalas kvelden før.

Framleis ligg det snøfonner etter stien, men det er utruleg kor raskt dei minkar no, trass i den heller kalde vertypen vi har hatt siste veka.

onsdag 9. mai 2007

No livnar det i lundar...

- men snøen blir seig i år, ser det ut til. Vi hadde oss ein rask kveldstur til Skjevlingen i dag, og det var bart og fint nesten heilt opp.Men vidare var det håplaust, og vi nådde ikkje så langt som til Raudkjeldo før det var uframkomeleg i fjellsko.
Det blir nok lenge før vi kan springe ruta om Skjevlingen til Liaset og heim i år.
Kaldt var det og. Men vi hadde ein liten stopp for å nyte utsikten på Skjevlingen

Utsyn over Graueåsen og Storåsen, med Gråsido og Vangsvatnet i bakgrunnen


Utedoen på Skjevlingen, fint gøymd i terrenget

onsdag 2. mai 2007

Jo visst er det vår!

Benson

- i alle fall på terassen..
Vi skal ha konfirmasjon til helga, men no er vindaugo ferdig vaska, tregolva er skura og bunadskjortene strokne. Så i kveld tenkte eg vi kunne unne oss ein fjelltur, Benson og eg. Vi la avgarde i sjutida, kun iført joggesko og kortbukse. Det er jo nesten sommar! -tenkte vi. Målet for kvelden var Liaset, første turen dette året utan ski.
Vi kom ikkje lenger enn øvst i trået før skepsisen melde seg. I skarpsvingen under Sniglabakken var snøfonnene digre, men vi forserte med freidig mot. Her er det unnasolt, kanskje blir det betre..
Ved Budeiebykse måtte vi resignere. Vi angra på skovalet og kortbuksa, og snudde heimover. Søren og, at vi kan ta så feil. Som eit plaster på såret la vi heimturen om lunneplassen ved Storemyra. Benson fekk bada seg i Lemmestjørna og var strålande happy - så happy som berre ein springer kan bli - når det er vatn i sikte!
Men Liaset var for tidleg, minst ei veke for tidleg..


tysdag 1. mai 2007

Eksperiment..

Er dette noko for older people, skal tru - blogging?? Eg fekk så lyst å prøve! Eg fekk invitasjon fra son min Anders hin dagen, som inviterte meg til fjesboka - Facebook - som det heiter. Det er visst ein farsott blitt, blant dei yngre. Men eg "joined" in, og no er fjeset mitt blant Anders's friends, and friends we have in common, slik som sambo Kine og tantebarna mine..
It's a new world..
Men eg må berre innrømme - at eg syns det er kjempemoro!! No kan eg sjå fjesa på alle venene til ungane mine, og lese om kor skøy dei har det. Det er berre litt få gamlingar med - enda :-)
Men tusen takk, Anders, som inviterte gamle muttern med på leiken!

I facebook kan du slutte deg til ulike grupper.. f.eks. gruppa "eg vil heimatt te Voss".., eller ei f.eks den gruppa som eg umiddelbart følte meg heime i - og tilslutta meg, nemleg gruppa "trim for eldre". Her vart eg tilbydd lynkurs i serviettbretting f.k. mandag frå 8.30 til 8.32... - og neste veke skal det vere seminar med tema "Pimp my rullator". Eg gler meg!!

Det er vel mykje sant i uttrykket: vi får ikkje meir moro enn vi skaper sjøl. Førebels er eg nok ein litt passiv medlem i Facebook, det er akkurat som eg vegrar meg litt for å invitere mine jamnaldrande vener, skal tru om dei vil føle seg heime der?? Men kanskje inviterer eg deg ein dag.. Skal vi forbli evig unge, som vi ynskjer, så gjeld det jo å henge med :-)!! Ikkje sant?

I dag heldt eg på å falle for freistinga, å klikke på Join the group: "If you can't fix it with Gaffa tape, you haven't used enough". DEN hadde vore noko for meg! men eg besinna meg.. No skal eg prøve meg på denne blogg-greia, først, trur eg!