søndag 30. desember 2007

Midt i mellom...





Somme kallar det romjul. Dvs. dei aller fleste kallar det vel romjul. Men vi kallar det melsdagar, altså dagane mellom jul og nyttår.

I år hugsa eg dei, medan butikkane enno heldt ope. Så eg bunkra opp for ein god hundrelapp i kjærlighet på pinne og nox og fox og sjokoladegreier. Eg snakkar om julebukkane, sjølvsagt. Det formeleg kryr av dei her i grenda, Gud veit kvar dei kjem frå..! Men det er alltid like moro å få dei innom dørene, og halde litt ap med dei, og sjå kva dei kan !:) Ein jolasong er det minste dei må by på, før muttern finn fram godteposen. Dessutan tykkjer Benson det er umåteleg stas med slikt besøk.. for han må jo få noko godt han og då, sjølvsagt, når alle andre får.
Ja, ja, koseleg er det iallefall. Sjølv om det dessverre er slutt på den tida det var stas å få eple og mandariner..

Benson og eg har hatt oss ein fin skitur i dag òg. Det var litt isete og ilt å gå tunet heime, men frå Lemme og oppover var det reine moroa. Fine løyper og nydeleg skiføre! Klok av skade la eg ikkje noko under skia heime, men putta skifellene i lomma i tilfelle glattsnø. Dei fekk eg aldri bruk for. Vi møtte turrsnøen alt i Lemmestrået, og deretter var det reine silkeføret opp til Liaset.


Romjul

onsdag 26. desember 2007

White Christmas






I dag kunne eg spenne skia på ute i tunet. Forholda såg lokkande ut frå kjøkenglaset, men snøen var kram og våt og eg forstod fort at her vart det ikkje lett å smørje. Men bakglatte ski er det verste eg veit, så eg la under eit lett lag med raud swix. Det fungerte heilt fint, ei lita stund ..:(
Hadde eg visst kor kort veg det var til tørrsnøen, så hadde eg valt annleis. Men skitt au. Sjølv om klabbane under skia gjorde turen litt meir strabasiøs enn den kunne vore, så vart den ikkje så verst likevel!
Benson var i allefall stornøgd, særleg då vi traff Erling og lille Pella på heimvegen. Snakk om gjensynsglede!


2.juledags skitur

søndag 16. desember 2007

Pølsefesten

Siste etappe


Så er pølsefesten over for denne gong, og korven er komen i fryseboksen. Produktet var gjenstand for prøvesmaking på den store oppskoka sist onsdag, og kom ut med terningkast 6. Då får vi vel vere nøgde !

laurdag 15. desember 2007

Skidag




Med det nydelege været vi vakna opp til idag sa det seg i grunnen sjølv. At i dag fekk krumkaker vere krumkaker og vaskefille vere vaskefille. Benson var aldeles samd. Han roterte rundt som ein tørketrommel då han såg at skiskoa vart henta fram. Det er heilt utruleg kva ein hund kan memorere...

Vi har ikkje meir snø enn vi treng endå, men vi bestemte oss for å gå frå tunet heime, berre lille B og eg. Fattern skulle på Vangen, og vi misunte han ikkje eit sekund. Godt var det at skiparken i garasjen var reingjord etter fjorsesongen. Vi valde det gamle, utslitte atomic paret, sidan vi skulle gå frå Lyderbakken. Dei var innsette med grundvalla frå i vår, preparerte for den siste turen som aldri vart noko av. Dermed var det berre eit lett lag med blå extra som skulle til.

I dag hugsa vi fotoapparatet. Men ekstra batteri vart gløymt. Dermed vart det berre halve turen vi fekk festa til linsa. Då vi kom opp i fjellheimen, der det verkeleg var fantastiske skiforhold, så var det sjølvsagt slutt på batteria. Typisk...

Men vi fekk oss ein nydeleg tur til Gråskallen, over heiane til Liasetstølane, og ned att til Lemme. Berre eitt einaste menneske møtte vi på vegen, heilt utruleg på slik ein dag! Vi hadde ikkje ein augneblink dårleg samvit for støvet heime, der vi sklei avgarde på silkeføre, med sola som selskap.. Tvert om. Tanken på alle som akkurat då antakeleg stod med hovudet i vaskebøtta gjorde oss faktisk utruleg nøgde!

Slike dagar må berre nytast!

Første skituren

søndag 9. desember 2007

Vossakorv de luxe

Søndagar kan brukast til så mangt, aller helst til lange turar, men av og til er det anna som må gjerast. I dag var den store pølsedagen i Langbrekk. Det er no eingong slik at det vert ikkje biff av alt kjøtet på hjorten, og på grisen fins det og eit og anna som ikkje er kotelettar. Så idag var dagen då 22 kg hjortekjøt og 7 kg gris skulle bli til pølser. Og det vart det :-) - 71 store fine korvar - vossakorv de luxe !
Pølsemakeriet