fredag 20. januar 2012

"Eg kan ikkje ta telefonen akkurat no"

Er du er ein av dei som har denne tøvete svarmeldinga på mobiltelefonen din?
Er det i så fall fordi du er tankelaus, uøkonomisk , eller begge deler?

Lite ergrar meg meir når eg ringjer til ein mobiltelefon, enn å få denne meldinga. For hvis det er noko eg skjønar heilt av meg sjølv så er det nettopp det, at dersom det ringer og ringer i andre enden, så er det ein grunn til at mottakaren ikkje kan ta telefonen akkurat no. Dette trur eg kvar og ein av oss faktisk er i stand til å begripe, utan å måtte betale for å få det fortalt!

”Send meg ei melding, eller legg att ein etter beskjed etter pipetonen”. Dette brukar å kome påfølgjande. Men det at eg kan sende ei melding, er heller ikkje noko eg treng å betale for å bli fortalt. Det er tvert om ein nokså innlysande førstereaksjon, dersom det hastar med å få fatt i vedkomande.

Då står vi att med den siste opsjonen, som er å legge att ein beskjed etter pipetonen. Denne kan vi sjølvsagt bruke dersom vi ønskjer at mottakaren skal betale for å ringe opp teleselskapet sitt for å få beskjeden vår, som i 99% av tilfella vil lyde ”Ring meg!”
Men det kan du jo likegodt skrive i ei melding. Eller du kan halde deg heilt i ro, vel vitande om at mottakaren kan sjå på” Innkomne anrop ” at du har ringt. Det kan no vere ein fin måte å få prøvd eit venskap på, om ikkje anna!
Så denne meldinga etter pipetonen droppar vi sjølvsagt, særleg dersom vi ringjer ein ven for å høyre korleis det står til. Vi legg heller ikkje att ”beskjed etter pipetonen” dersom meldinga til dømes er noko slikt som ”kom til sjukehuset, kona di er i ferd med å føde!” For vi kan aldri stole på at meldingar etter pipetonen blir lest i tide, eller lest i det heile. Det kan nemleg hende at mobiltelefonen er attgløymd heime i Donald-korga på badet, medan den du prøver å få kontakt med sit på toget til Bergen.

Min enkle bodskap er at automatisk telefonsvar på private mobiltelefonar er noko forbaska tull. Ei sak er at venene dine ikkje får tak i deg i første forsøk, dersom du sit på do. Men dei treng no vel ikkje måtte betale for å ikkje få ta i deg, når du kan hindre det? Det får vere måte på kor enkelt teleselskapa skal tene pengane sine!

Dette var vekas lille fredagsgruff. Ha ei strålande helg!

laurdag 7. august 2010

Norske tulleord, kap.2

Ein laurdag ettermiddag utan tre-fire aviser, nytrekt sjølvmalen kaffi og VG-kryssordet er i grunnen heilt utenkjeleg. No er det sjølvsagt litt fordømt bale at det alltid skal stå eit par-tre uløyselege ord igjen, men det får so vere. Eg opnar i allefall ikkje Kryssordboka, så djupt synk eg ikkje.

Eg sluttar visst aldri å undre meg over dette avisspråket. I dagens Hordaland kunne vi lese om ein fotballfrelst familiefar. Dermed var spekulatoren i gang. (Spekulator er forresten eit ord eg har tjuvlånt frå ein god ven, fordi eg tykte det var eit morosamt uttrykk :)

Men det var denne familiefaren. Familiemann er eit uttrykk eg kan forstå, med det forstår vi jo at det er ein mann som har familie, og underforstått skjønar vi også at det er ein mann som har born. Men kva er ein familiefar, og kva skil ein familiefar frå ein heilt vanleg far, skal tru? Og kvifor høyrer vi nesten aldri om familiemødre?
Kan det vere så enkelt at ein familefar har fleire born, og såleis er far til ein heil familie? Neei, det stemmer jo heller ikkje. Eittbarnsfedre har vel også familie - ja, om dei ikkje lever åleine,då. Dei kan forresten ha familie sjølv om dei bur åleine. Eller?

Det var då som søren kor vanskeleg dette skulle bli. Nyfiken som eg er,klikkar eg meg inn på søkesida Kvasir og skriv: familiefar. Eg gidd sjølvsagt ikkje å lese meir enn tre-fire av dei fleire hundre treffa, men registrerer at iallefall dei tjue første refererer til nyhendeartiklar i diverse aviser. Så blankar eg ut søkefeltet og skriv: familiemor. Eg får eitt treff.

Diverse klynkelydar frå familiens firbeinte fortel meg at det er på tide å slå av spekulatoren. Pliktene kallar. Nøgd med meg sjølv loggar eg av pc'en, og konstaterer at eg har avslørt eit nytt tulleord, oppkonstruert av talentlause norske pressefolk.
Framhald i neste nr.

måndag 2. august 2010

Utdrag frå ei feriedagbok...

Benson nyt utsikta frå fjellet Orkja i Jølster. Ein av dei få soldagane årets sommarferie baud på


Foto: H. Dvergsdal

Heldigvis regnar det ute!

Ein rask glytt ut hytteglaset, og dagens gladmelding er klar: Det er ikkje skogbrannfare i Gjengedalen i dag heller. Eg dukkar så vidt ned att i bladbunka, før den elleville firbeinte kjem svinsande inn verandadøra med ein søkkblaut husbonde på slep. Fyttigrisen kor det regnar ute, seier han.
Ja, takk og pris for det. Hæ? Ja, no sa du det òg, kvifor seier du at det regnar ute? Hæ? Fyren ser ut som eit einaste stort spørjeteikn, og ristar oppgitt på hovudet.
Eg viser han bladet som eg sit og les i. ” Ti gode tips til aktiviteter når det regner ute”, står det.


Norge trur eg må vere det einaste landet der det regnar ute. Dei fleste andre stader berre regnar det. Kva er det eigentleg som får oss til å seie noko så dumt?

Det slår meg at det norske språket er fullt av slike tullete formuleringar, godt innarbeidde pleonastiske uttrykk, som regel framelska og flittig nytta av meir eller mindre – helst mindre – språkdyktige journalistar. I journalistspråket har visse pleonasmar (pleonasme = smør på flesk) etterkvart blitt normalspråk, som t.d. pleier som regel å… eller årsaka skuldast… I avisene les vi dessutan stadig om tragiske dødsulukker og uhyggelege drap. Fins det hyggelege drap? Og er ikkje alle dødsulukker tragiske?

Eg merkar at eg svinn inn i ein språkfilosofisk tankespiral. Den slags aktivitet er i alle høve ikkje væravhengig, og takk for det. Skodda ligg tjukk langs fjellsidene, eg fyller kaffikoppen for n’te gong og hiv ei skie i omnen, medan eg sender ein venleg tanke til Svein’en på Dalheim som har fylt opp skytja mi med all den turre og gode fjellbjørka. Det er berre å innsjå at min fire veker lange ferie snart er over. Eg tenkjer på passet som framleis ligg trygt og ubrukt i dashbordet til Volvo’en, medan den velkjende tanken kjem snikande slik den trufast plar omlag midt i siste ferieveka, tanken på dokumentbunkene som ventar på kontoret…

Fins det noko betre enn ein god, gamaldags, våt norsk hytteferie? Neppe..
Det gode med å feriere her i landet er at her regnar det i allefall UTE !

torsdag 21. mai 2009

17.mai feiring på hytta




To gode hyttenaboar i stampen ved Storevatnet. Best syttande mai, ever:))

onsdag 20. mai 2009

"Your potato field has gone to waist"...

For eit surrehove, eg fattar ikkje at eg kunne gløyme det..., eg sette jo potetene for to dagar sidan! No har heile avlinga gått i dass, og min ambisiøse plan om å nå level 10 innan fredag er omlag like sannsynleg som at Brann skal vinne seriegull i oktober... Pokker òg.

Ein ny arbeidsdag er omme, og eg kryp inn under slumreteppet i mitt reserverte, heilage hjørne av vinkelsofaen. Tida er inne for å finne roen, senke skuldrane og kvile augneloka eit aldri så lite bel. Ikkje lenge, berre akkurat nok til at eg unngår å gå i koma, for då er hundreogeitt nemleg ute, nattesømnen spolert, og morgondagens effektivitetskrav allereie sett på ein alvorleg prøve. Etter ti minutts saliggjerande døs og ein rask plogtur gjennom Hordaland og Firda, plantar eg nøgd og forventningsfull lap-topen i fanget, lener meg godt attende i sofaen, og loggar inn..

Potet-fiaskoen er alt gløymd. Det er ein heilt ny dag, med heilt nye sjansar. Etter ein kjapp epost-sjekk styrer eg glad og lystig cursoren mot fjesboka, og scrollar meg til målet: ”Welcome to farm-town”. Eg klikkar Home.
”You`re wheat field is ready to harvest”, kjem det opp på skjermen. Full av pågangsmot hentar eg ljåen frå verktøylina og går laus på dagens arbeidsøkt. Jøss, for ein innbringande dag! Det går brått opp for meg at det er korn eg må satse på. Alle dei hersens sauene og kyrne som eg har gåande på garden min er det ikkje mykje butikk i. Når sant skal seiast har dei enno ikkje innbringa ei einaste krone, berre helsikes mykje arbeid. Dessutan stikk dei berre av heile tida. Og som den fattige småbrukaren eg er, har eg sjølvsagt ikkje hatt råd til å kjøpe den mengda av gjerdestolp som må til.
Men no har eg endeleg knekt koden!
Stinn av sjølvtillit klikkar eg ”Go to marked”, for å selje dagens solide kornavling. Her skal det pinadø bli gardsdrift! Eg får plutseleg ei brannsk tru på det eg driv med og bestemmer meg sporenstrengs for kvitte meg med alle epletrea, dei er ikkje noko å bli rik på heller, og dessutan må eg kvitte meg med store deler av buskapen. Eit hamskifte må til, rett og slett. Skal eg ha ein sjanse til å nå igjen Betty-bonde (Kine), Anna Louise, Budeio og alle dei hine, må nok heile drifta leggast om, ingen tvil om det. Brått identifiserer eg meg litt med Bondelaget. Mi tid som Småbrukar er definitivt over.

Eg håvar inn dagens forteneste, medan fantasiane om stordrift og velstand surrar rundt i toppetasjen. Eg kjøper meir såkveite, mykje såkveite .. ein del tomatplantar, ei ny vasstønne og raskar til slutt med meg eit par høyballar til sauene. Dei lyt no få mat, stakkarane, sjølv om deira tid snart er omme. Held det fram slik er det ikkje lenge før eg kan bygge meg nytt hus! For ikkje å snakke om den stallen eg så lenge har hatt lyst på.. For hesten skal eg iallefall behalde, den saka er grei.
Men no gjeld det å halde hovudet kaldt. Det kostar nemleg å legge til rette for nye avlingar., såkornet er svindyrt, og dessutan må eg pløye om. Eg er djupt inne i planlegginga når den karakteristiske ”smack” lyden dukkar opp i pc’en, og ikonet av ein gutepjokk med lyst hår ploppar opp på skjermen. Søren og, no igjen..
” Hi there! Dagfinn is currently away from his farm and a tornado made a big mess, there are leaves everywhere, Could you rake his farm?”
Shit. Det er freistande å klikke på svaralternativ 2: “ Sorry, I’m in a hurry. Maybe later” Men eg veit jo godt at då går eg glipp av poeng, dyrebare poeng som er gull verd i den strevsame ferda mot neste nivå i dette viktige spelet. Så eg klikkar sjølvsagt på alternativ 1: Yes, sure. I’ll be happy to help”, og litt småirritert rakar eg farmen til Daffen for n’te gong denne veka. Det er no merkeleg og, at det alltid er eg som må trø til med nabohjelp, kvar gong han er på jobb i nordsjøen.. Eg lurer på kven som fòrar dei stakkars dyra hans, skal tru om dei i det heile får mat ?? Kanskje eg burde ringe Dyrevernet …finns det eit elektronisk dyrevern, mon tru..

Stoveklokka får meg brått ut or trancen. Milde Moses, klokka er alt seks! I nærmare timen har eg helde på inne på farmen min, og enno har eg ikkje fått ut såkornet. Eg set inn ein sloid sluttspurt, og midt under såinga skjer det : Pling, ”Congratulation – you have reached level 10 and are no able to buy sunflowers at the marked”. Yes! Eg høyrer plutseleg mi eiga stemme,og vert raskt klar over at gledesropet eg trudde eg hadde inni meg likevel har kome ut med høgtalaren på.
Eg glyttar henrykt bort i hitt sofahjørnet og skal akkurat til å formidle den glade bodskapen, då eg ser andlet til husbonden stikke fram bak attom siste nummeret av Jakt og Fiske. Uups.. Han treng ikkje seie eit ord, spørsmålsteiknet og uttrykket fortel alt (og det er ikkje akkurat entusiasme det kallast, for å seie det slik).
Eg skjønar rimeleg fort at tida er inne for å returnere til røyndomens rike.
Kor tylen går det eigentleg an å bli ?

måndag 13. april 2009

Solstrålen vår


søndag 29. mars 2009

Fint skiføre på Vikafjell



Men snart er det vår!

tysdag 10. februar 2009

måndag 2. februar 2009

søndag 1. februar 2009

Kaldt men godt



Temperaturmålaren i bilen viste 15 minus då eg køyrde Vilde til stallen i halv åtte tida i dag tidleg. Heime var det heldigvis berre 10. Det er ikkje så ille kaldt det, så eg pakka sekken og la avgarde mot Bavallen straks morgonfòringa var unnagjort. Som regel er det vinden det kjem an på, kuldegradene er relativt "snille" så lenge det er nokolunde stilt. Men vind vart det òg, aukande med høgdemeterane. Så det vart ikkje rare pausen på Horgatoppen i dag, det var berre å hive seg ned igjen før neglespretten fekk tak..

Benson fekk ikkje vere med idag. For eg "juksa" og tok heisen frå Bavallen opp på Tråstøltoppen. Det er så unnasolt i Bavallen, og litt trasig å traske på ski oppetter alpinløypene, som reine "kjerringa mot straumen". I staden tok eg innover mot Raude Kross hytta og Kiseldur, og kryssa vidare over Slettafjellet derifrå. Det var allreie fullt med folk ved Horgaletten i halv elleve tida, men her fekk skitrekk vere skitrekk, det er no måte på juksing òg:)

Turen til topps gjekk lett og greit, her er jo såpass bratt at skifeller er eit "must". Eg nådde sendaren (1412 m.o.h) før klokka slo middag, og la på snu heim att til fårikålen med det same. Kjempefin tur, men kaldt..

Lønahorgi

laurdag 31. januar 2009

Kolingseggi



Eg hadde eigentleg ynskt meg ein skikkeleg langtur idag, etter gamalt. Men då eg har deltidsjobb - det føles iallefall slik :) - som privatsjåfør for hestejenta i familien, kom vi oss ikkje avgarde før langt på dag. Men sola skein frå skyfri himmel og fylgde oss mest heile turen, så det vart ein bra tur likevel. "Avspark" kl 13 og heime att 16.15. Det fine med å bu på Kyte er jo at vi kan spenne på skia ute i tunet,og renne heilt heim att. Må berre hugse å ploge før det ber rett inn på murgolvet i garasjen! Og dessutan er det no greit med ski, for det kan bli ein bra lang tur på rimeleg kort tid, turen nedatt går nemleg temmeleg fort:)

Men i morgon skal pappen få ta sjåførvakta. Fineveret held visst fram, så det må kanskje bli ein horgatur igjen.. Eller kanskje ein tur med "nedoverski" ? Det kriblar jo litt i føtene til ein gamal alpinist. Og i Myrkdalen ligg Nordens nye skiparadis og ventar..

2009-01-31 Kolingseggi

søndag 18. januar 2009

Ei ny leike

Når det regnar på presten dryp det på klokkaren, heiter det visst. I det kvardagslege er det vel ofte slik at dette ordtaket kan brytast ned til at når det regnar på foreldre, dryp det ofte på borna. Men jammen kan det også vere omvendt!

Overraskinga var i allefall stor då mammo og pappen plutseleg vart eigarar av eit NIKON D1X speilreflekskamera sist veke, etter at eldstemann - fotografen - hadde vore på handel og fornya seg. Litt av ei bursdagsgåve må eg sei!

Dette skal bli moro å "leike" seg med, og kanskje få tatt nokre fine naturbilete. No gjeld det berre å lære seg bruken...