måndag 2. august 2010

Utdrag frå ei feriedagbok...

Benson nyt utsikta frå fjellet Orkja i Jølster. Ein av dei få soldagane årets sommarferie baud på


Foto: H. Dvergsdal

Heldigvis regnar det ute!

Ein rask glytt ut hytteglaset, og dagens gladmelding er klar: Det er ikkje skogbrannfare i Gjengedalen i dag heller. Eg dukkar så vidt ned att i bladbunka, før den elleville firbeinte kjem svinsande inn verandadøra med ein søkkblaut husbonde på slep. Fyttigrisen kor det regnar ute, seier han.
Ja, takk og pris for det. Hæ? Ja, no sa du det òg, kvifor seier du at det regnar ute? Hæ? Fyren ser ut som eit einaste stort spørjeteikn, og ristar oppgitt på hovudet.
Eg viser han bladet som eg sit og les i. ” Ti gode tips til aktiviteter når det regner ute”, står det.


Norge trur eg må vere det einaste landet der det regnar ute. Dei fleste andre stader berre regnar det. Kva er det eigentleg som får oss til å seie noko så dumt?

Det slår meg at det norske språket er fullt av slike tullete formuleringar, godt innarbeidde pleonastiske uttrykk, som regel framelska og flittig nytta av meir eller mindre – helst mindre – språkdyktige journalistar. I journalistspråket har visse pleonasmar (pleonasme = smør på flesk) etterkvart blitt normalspråk, som t.d. pleier som regel å… eller årsaka skuldast… I avisene les vi dessutan stadig om tragiske dødsulukker og uhyggelege drap. Fins det hyggelege drap? Og er ikkje alle dødsulukker tragiske?

Eg merkar at eg svinn inn i ein språkfilosofisk tankespiral. Den slags aktivitet er i alle høve ikkje væravhengig, og takk for det. Skodda ligg tjukk langs fjellsidene, eg fyller kaffikoppen for n’te gong og hiv ei skie i omnen, medan eg sender ein venleg tanke til Svein’en på Dalheim som har fylt opp skytja mi med all den turre og gode fjellbjørka. Det er berre å innsjå at min fire veker lange ferie snart er over. Eg tenkjer på passet som framleis ligg trygt og ubrukt i dashbordet til Volvo’en, medan den velkjende tanken kjem snikande slik den trufast plar omlag midt i siste ferieveka, tanken på dokumentbunkene som ventar på kontoret…

Fins det noko betre enn ein god, gamaldags, våt norsk hytteferie? Neppe..
Det gode med å feriere her i landet er at her regnar det i allefall UTE !

Ingen kommentarer: