onsdag 20. mai 2009

"Your potato field has gone to waist"...

For eit surrehove, eg fattar ikkje at eg kunne gløyme det..., eg sette jo potetene for to dagar sidan! No har heile avlinga gått i dass, og min ambisiøse plan om å nå level 10 innan fredag er omlag like sannsynleg som at Brann skal vinne seriegull i oktober... Pokker òg.

Ein ny arbeidsdag er omme, og eg kryp inn under slumreteppet i mitt reserverte, heilage hjørne av vinkelsofaen. Tida er inne for å finne roen, senke skuldrane og kvile augneloka eit aldri så lite bel. Ikkje lenge, berre akkurat nok til at eg unngår å gå i koma, for då er hundreogeitt nemleg ute, nattesømnen spolert, og morgondagens effektivitetskrav allereie sett på ein alvorleg prøve. Etter ti minutts saliggjerande døs og ein rask plogtur gjennom Hordaland og Firda, plantar eg nøgd og forventningsfull lap-topen i fanget, lener meg godt attende i sofaen, og loggar inn..

Potet-fiaskoen er alt gløymd. Det er ein heilt ny dag, med heilt nye sjansar. Etter ein kjapp epost-sjekk styrer eg glad og lystig cursoren mot fjesboka, og scrollar meg til målet: ”Welcome to farm-town”. Eg klikkar Home.
”You`re wheat field is ready to harvest”, kjem det opp på skjermen. Full av pågangsmot hentar eg ljåen frå verktøylina og går laus på dagens arbeidsøkt. Jøss, for ein innbringande dag! Det går brått opp for meg at det er korn eg må satse på. Alle dei hersens sauene og kyrne som eg har gåande på garden min er det ikkje mykje butikk i. Når sant skal seiast har dei enno ikkje innbringa ei einaste krone, berre helsikes mykje arbeid. Dessutan stikk dei berre av heile tida. Og som den fattige småbrukaren eg er, har eg sjølvsagt ikkje hatt råd til å kjøpe den mengda av gjerdestolp som må til.
Men no har eg endeleg knekt koden!
Stinn av sjølvtillit klikkar eg ”Go to marked”, for å selje dagens solide kornavling. Her skal det pinadø bli gardsdrift! Eg får plutseleg ei brannsk tru på det eg driv med og bestemmer meg sporenstrengs for kvitte meg med alle epletrea, dei er ikkje noko å bli rik på heller, og dessutan må eg kvitte meg med store deler av buskapen. Eit hamskifte må til, rett og slett. Skal eg ha ein sjanse til å nå igjen Betty-bonde (Kine), Anna Louise, Budeio og alle dei hine, må nok heile drifta leggast om, ingen tvil om det. Brått identifiserer eg meg litt med Bondelaget. Mi tid som Småbrukar er definitivt over.

Eg håvar inn dagens forteneste, medan fantasiane om stordrift og velstand surrar rundt i toppetasjen. Eg kjøper meir såkveite, mykje såkveite .. ein del tomatplantar, ei ny vasstønne og raskar til slutt med meg eit par høyballar til sauene. Dei lyt no få mat, stakkarane, sjølv om deira tid snart er omme. Held det fram slik er det ikkje lenge før eg kan bygge meg nytt hus! For ikkje å snakke om den stallen eg så lenge har hatt lyst på.. For hesten skal eg iallefall behalde, den saka er grei.
Men no gjeld det å halde hovudet kaldt. Det kostar nemleg å legge til rette for nye avlingar., såkornet er svindyrt, og dessutan må eg pløye om. Eg er djupt inne i planlegginga når den karakteristiske ”smack” lyden dukkar opp i pc’en, og ikonet av ein gutepjokk med lyst hår ploppar opp på skjermen. Søren og, no igjen..
” Hi there! Dagfinn is currently away from his farm and a tornado made a big mess, there are leaves everywhere, Could you rake his farm?”
Shit. Det er freistande å klikke på svaralternativ 2: “ Sorry, I’m in a hurry. Maybe later” Men eg veit jo godt at då går eg glipp av poeng, dyrebare poeng som er gull verd i den strevsame ferda mot neste nivå i dette viktige spelet. Så eg klikkar sjølvsagt på alternativ 1: Yes, sure. I’ll be happy to help”, og litt småirritert rakar eg farmen til Daffen for n’te gong denne veka. Det er no merkeleg og, at det alltid er eg som må trø til med nabohjelp, kvar gong han er på jobb i nordsjøen.. Eg lurer på kven som fòrar dei stakkars dyra hans, skal tru om dei i det heile får mat ?? Kanskje eg burde ringe Dyrevernet …finns det eit elektronisk dyrevern, mon tru..

Stoveklokka får meg brått ut or trancen. Milde Moses, klokka er alt seks! I nærmare timen har eg helde på inne på farmen min, og enno har eg ikkje fått ut såkornet. Eg set inn ein sloid sluttspurt, og midt under såinga skjer det : Pling, ”Congratulation – you have reached level 10 and are no able to buy sunflowers at the marked”. Yes! Eg høyrer plutseleg mi eiga stemme,og vert raskt klar over at gledesropet eg trudde eg hadde inni meg likevel har kome ut med høgtalaren på.
Eg glyttar henrykt bort i hitt sofahjørnet og skal akkurat til å formidle den glade bodskapen, då eg ser andlet til husbonden stikke fram bak attom siste nummeret av Jakt og Fiske. Uups.. Han treng ikkje seie eit ord, spørsmålsteiknet og uttrykket fortel alt (og det er ikkje akkurat entusiasme det kallast, for å seie det slik).
Eg skjønar rimeleg fort at tida er inne for å returnere til røyndomens rike.
Kor tylen går det eigentleg an å bli ?

Ingen kommentarer: