søndag 30. desember 2007

Midt i mellom...





Somme kallar det romjul. Dvs. dei aller fleste kallar det vel romjul. Men vi kallar det melsdagar, altså dagane mellom jul og nyttår.

I år hugsa eg dei, medan butikkane enno heldt ope. Så eg bunkra opp for ein god hundrelapp i kjærlighet på pinne og nox og fox og sjokoladegreier. Eg snakkar om julebukkane, sjølvsagt. Det formeleg kryr av dei her i grenda, Gud veit kvar dei kjem frå..! Men det er alltid like moro å få dei innom dørene, og halde litt ap med dei, og sjå kva dei kan !:) Ein jolasong er det minste dei må by på, før muttern finn fram godteposen. Dessutan tykkjer Benson det er umåteleg stas med slikt besøk.. for han må jo få noko godt han og då, sjølvsagt, når alle andre får.
Ja, ja, koseleg er det iallefall. Sjølv om det dessverre er slutt på den tida det var stas å få eple og mandariner..

Benson og eg har hatt oss ein fin skitur i dag òg. Det var litt isete og ilt å gå tunet heime, men frå Lemme og oppover var det reine moroa. Fine løyper og nydeleg skiføre! Klok av skade la eg ikkje noko under skia heime, men putta skifellene i lomma i tilfelle glattsnø. Dei fekk eg aldri bruk for. Vi møtte turrsnøen alt i Lemmestrået, og deretter var det reine silkeføret opp til Liaset.


Romjul

Ingen kommentarer: