laurdag 19. mai 2007

Flatbrød

Flatbrødbaking


I dag vart det flatbrød. Kva vettugare kunne vi vel bruke ein regntung laurdag til - enn å bake flatbrød?? Planen vart lagt i dag tidleg kl 04.15 - då damene endeleg fann det fornuftig å krype til køys etter ei heller lang og festleg samkome..
Vi vakna til lått og tendensar til mobbing ved frukostbrodet..
Men det som var sagt var bestemt, og dermed var det berre å skride til verket. Karane fekk bakstefjøla og steikehella på plass, og vel 12 på føremiddagen var vi i full sving i garasjen. Seks timar og fire fulle flatbrødøskjer seinare var det to trøytte nabokjerringar som parkerte kjevlet. No er iallefall flatbrødsoppa redda for denne sommaren!
Men i kveld skal det bli godt å legge seg, kjenner eg - tidleg...

1 kommentar:

Unknown sa...

Takk for kommentar på bloggen! Kjekt det...
Og heimelaga flatbrød er noko av det beste eg veit - eg et det til alt når vi har her er i huset. Det blir stort sett til jul. Grepa kvinnfolk lagar flatbrød veit du....:-) Men skulle hatt litt oftare...
Har Margunn 27, Kristine 25 og Ingebjørg 20 frå første og Peter 7 frå andre ekteskap. I tillegg har eg barnebarna Hanna 4 og Sander 1 som du ser..
Var tidleg ute veit du..:-)
Men no er det stopp altso!
Ja, no må vi ha litt veir og temperatur..Er lei av å bli blåst vekk oppe på fjellet. I kveld høljar det ned igjen her. Og eg har fyrt i ovnen - igjen..
Kos det - men det er no ikkje heilt årstida for det np då. Ha ei fin pinse du og - blogg iveg - det er vel ikkje så nøye alltid kva ein har på hjartet...! Fin hobby.