torsdag 17. mai 2007

Fantastisk 17.mai...

17.mai 2007


Værgudane synte seg frå si beste side i dag tidleg, og me har hatt ein fantastisk flott syttande mai. Tradisjonen tru måtte me på Vangen og sjå barnetoget, seinare vart det besta-besøk på sjukeheimen, og heimom til litt spekemat før det bar nedatt til folketoget. Benson fekk og på seg "bunad" i år, og me stillte under hundeklubben si fane - evig trufast..:-)
men det var godt å komme heim på terrassen etterpå, med enda meir spekemat og litt god kald pils frå kjøleskåpet.

Jau, det har vore ein fin dag. Likevel må eg innrømme at eg har tenkt opptil fleire gonger på Mari og Dag Arild idag, som bestemte seg for å via dagen til topptur på Skipadalsnuten.. Dei kunne vel ikkje valt ein betre dag, etter frostnatt og daggry med skyfri himmel.
Men tider skal koma. Tida kjem nok då mor er til overs, og alle søte små (og litt større) greier med bunadane sjølve. 17.mai på Hardangerjøkulen har freista lenge, eller Lønahorgi.. Da spørs det vel berre om mor er sprek nok. Me skal jobbe med saka..
Gratulerer med dagen!

1 kommentar:

Unknown sa...

Hei Kari!
Takk for innsyn og flotte bilder frå 17. mai på Voss.
De hadde det like fint som oss...Vi må ha gjort noko bra i det siste som fekk denne dagen...no høljar det nede her ute og skodda ligg snart i fjorden! Snakk om flaks...
Nei, det ser visst ut som det blir ei lite fysisk helg denne helga - hadde trengt noko anna etter all rømmegrauten i går..:-)
God helg!