laurdag 9. juni 2007

Tre fantastiske dagar...

Gjengedalen juni-07


Så fekk eg meg endeleg ein liten husmorferie - tre fantastiske dagar åleine på hytta i Gjengedalen, Benson og eg. Dei var avsett til opplading, for utbrende batteri treng opplading. Men tre dagar var litt lite, dei to første vart på ein måte borte... heiter det utlading..???
Eg fekk tatt nokre få bilete frå Paradiset mitt der inne, mellom Dalevatnet og Storevatnet. Dei lange turane vart ikkje av denne gongen. Men Benson bada og kosa seg i det fantastiske sommarveret. Sidan Benson ikkje er nokon stor fotograf vart det berre han og naturen vi fekk bilde av denne gongen

1 kommentar:

Unknown sa...

Takk Kari for kjempeflotte bilder frå Gjengedalen.
Heldig du som har hytte der..! Og på åleinetur..:-)
Likte og veldig godt danderinga av rekebordet ditt. Utsøkt femal setting.
Stå på m bloggen din - flink du!