laurdag 13. september 2008

Nydeleg dag for ein topptur




Mobilfotos

Eg hadde eigentleg sett av helga til sauesanking, tenkte å melde meg frivillig denne gongen, for det har jo aldri passa seinaste åra. Så no rekna eg eigentleg med at Mona ikkje våga å spørje fleire gonger.. Men der bomma eg litt, gitt, for sankinga er visst neste helg :)
Då måtte vi finne på noko anna istaden. Valet var ikkje så vanskeleg med det flotte haustveret som var meldt. Eigentleg ganske supert for ein topptur. Sigmund ville gjerne vera med , og dermed vart vekkeklokka stillt på TIDLEG (for laurdag å vere..) Etter ein god frokost i halv åtte tida kom vi oss i bilen og la kursen mot Fennastølane. Honndalsnuten - 1461 m.o.h. var målet.

Sjølvsagt var fotoapparatet sporlaust borte i dag tidleg. Etter eit kvarters intens leiting gav eg opp, det ligg vel på hytta som alt anna som eg saknar (som f.eks. kikkerten som eg gjerne skulle hatt no i jakta, typisk..)

Det var litt synd det, igrunnen, med fotoapparatet. For det var ein fantastisk fin dag å bestige nuten. Men det vart ikkje anna råd enn å la min Nokia N95 gjere jobben, vel er det eit rimeleg bra kamera på den, men ein mobiltelefon er no mest ein mobiltelefon om den kan ha aldri så mykje snadder attåt.

Vi var dei første som entra nuten idag. 3 timar og 20 min etter at vi parkerte bilen var vi oppe ved første varden. Ikkje verst det, eg har vore med på verre :) Men så gjekk vi no litt på òg, det må innrømmast. Godt å ha klebyte i sekken då.

Eg var litt i stuss om eg skulle våge å ta dei nye fjellstøvlane i dag. Dei er berre nokre dagar gamle, og har berre fått prøvd seg på ein liten jakttur. Men eg tok sjansen, vel vitande om at den vesle tur-førstehjelpsputa som eg alltid har i sekken inneheld både gnagssårplaster og det som viktigare er..

Arvid'en på G-Sport butikken lovprisa desse fjellstøvlane så opp i himmelen, han påstod med fullt alvor at dei var ferdig inngådde frå fabrikken! Eg må tilstå eg lo litt, men han stod på sitt.

Det gjekk bra, nokolunde i allefall. Gnagsår var det ikkje teikn til. Men støvlane er høgre enn dei eg har hatt før, og den ein skoen tok meg noko j... ovanfor høgre ankel. Det burde eg ha forutsett. Nesten gong gong skal eg prøve meg med å levere inn røntgenbilda etter siste alpin-frakturen min til sko-leverandøren og befale; ferdig inngådde, takk!





Fra Honndalsnuten-13-sept-08

Ingen kommentarer: