onsdag 26. november 2008

Ein litt vill idè...

Klinkande is, vind og piskregn gjorde det ikkje mykje forlokkande med nokon trimtur i kveld (heller),så det vart til at eg sette meg i bilen og tok ein tur på treningssenteret (etter gamalt). Dermed oppdaga eg at det er berre tre dagar igjen til årskortet mitt går ut på dato og må fornyast.
Typisk. Snart jol og allting. Tre og eit halvt tusen kroner er jo ein god slump pengar for ein underbetalt, statstilsett bakkebyråkrat..

Så eg tok til å tenke etter kva eg eigentleg gjorde der nede på senteret,som eg ikkje kan gjere heime. Og når sant skal seiast, så er det stort sett eitt - 1 - treningsapparat eg svergar til. Tredemølla..

Den kostar litt meir enn eit årskort, det veit eg jo. Kanskje litt meir enn to årskort.. Ca. tre..?

Imorgon lyt eg inn til han Arvid på sportsbutikken ein tur..Kjenner eg :)

Ingen kommentarer: