fredag 21. november 2008

The Man in the Moon

Eg fekk det brått for meg hin dagen, at no vil eg søkje å finne ut kven han verkeleg er.. Eg vart litt skuffa. Men slik er det jo ofte når realitetane kjem til overflata. Enkelte ting her i vera skulle fått lov å forbli illusjonar.. Røynda er ofte brutal, og altfor kjedeleg. Og litt trist.

Historiane om Mannen i Månen er tallause. Frå eg var liten har eg alltid hatt eit forhold til han, eit slags venskapsforhold, rein surrealisme naturlegvis.. Eller?

No får eg vel sei det som det er, at eg har alltid hatt problem med å tru på denne Han som dei kallar Gud. Eg fekk det liksom aldri til å verke truverdig, at han skulle finnast der oppe i himmelen, men at ingen skulle kunne sjå han.. Endå eg hugsar vel at vi song om han, og bad til han om kvelden.

Mannen i månen, derimot.. HAN kunne eg sjå. Som jentunge var eg lenge viss på at det var han som eigentleg VAR Gud. Alle dei andre hadde berre ikkje funne det ut endå.. Eg hugsar endåtil eg sa dette til mor mi. Latteren og fnyset som eg fekk til svar forsterka eigentleg berre trua mi. Dei kunne berre le.

Gennom åra har vi hatt mange gode stunder ilag, mannen i månen og eg, toeine. Ein betre ven og meir trufast turkamerat skal du leite lenge etter, aldri ein meter har han vike frå skuggen min på turane våre. Mange gode samtalar har vi hatt.. Han er ein som verkeleg forstår seg på, Månemannen. Når han er i godlune og opplagd,og vel å stikke seg fram. Ingen kan vel vere på topp alltid, det er berre dei religiøse som har den trua. Månemannen er trufast, han. Han kan halde på mang ein løyndom.

Men så var det denne realitetsorienteringa då, som eg igrunnen aldri skulle gjeve meg i kast med. Reine nedturen.. Det har seg nemleg slik, les eg, at forskarar frå Ohio State University meiner å ha funne forklaringa på Månemannen. Basert på gravitasjonsmålingar utført av NASA sine månesondar har dei framstilt eit topografisk kart som viser månens ulike lag sett frå kjernen og ut til overflata. Kartet skal ha avslørt at månens bakside, som alltid vender bort frå Jorda, vart treft av ein stor himmellekam, ein asteroide, for rundt fire milliardar år sidan (det var før eg var fødd..) Sjokkbølga frå den ekstremt voldsomme samanstøyten forplanta seg tvers gjennom månen og laga sprekker i måneskorpa. Då trengde magma frå månens indre seg ut på overflata og storkna. Og no minner desse mørke lavaslettene oss om augo, nase og munn i eit andlet. Dette påstår altså forskarane.

Det er berre tull, naturlegvis. Håpar eg. Eller eg vel å tru.. Ikkje det at eg kan motbevise det. Men eg finn det heller ikkje bevist at mannen i månen ikkje fins. Så eg nektar. Det er vel omtrent det einaste eg framleis hugsar frå den tida eg las til ex phil., at ei tese må verifiserast, elles er det inga sanning. Så eg kallar forskarane si forklaring ei tese. Ei uverifisert tese. Men det er no ein eigenskap dei eingong har, desse forskarane, å ta gleda frå oss. Regelrett hån er det eigentleg. Mot oss truande..

Eg trur på Månemannen eg.. He's my man. The man in the Moon.. Mannen i mitt liv, korkje meir eller mindre.



Fragma Man In The Moon

Patty Loveless Mr. Man In The Moon

R.E.M Man on the Moon
Vamp Månemannan
Easter Eggs Man-face On The Moon


1 kommentar:

håkum sa...

Fantastisk Kari. Din beskrivelse av månemannen og gudstro. Slik har jeg også følt det fra barne-åra og oppover. takk for ditt innlegg.
hilsen Håkon B.