tysdag 2. desember 2008

Vær så god, stig på!


Dette var berre lækkert!

Det nyinnkjøpte, etterlengta treningsapparatet er no langtidsparkert og fastplugga på eine gjesterommet, og mitt nye isolerte og inneslutta innomhusliv kan endeleg ta til!...
Heretter befriande blotta for frisk luft og forstyrrande naturopplevingar, skjemmande sollys, støyande vindrufser og vederstyggelege stjernehimlar..
Innanfor ein radius på nokre få kvadratmeter kan eg no med Ipod'en i øyra sirkulere uforstyrra i min eigen lukkerus mellom pc'en, tredemølla, dusjkabinettet og senga, fullstendig skjerma frå alskens utyskje som måtte høyre naturen til, medan Benson, stakkar, ligg utrimma og forsømd på matta si, i djup hundedepresjon..

Jau, det er visst av sine eigne ein skal ha det. Dei får berre halde på. Det bryr meg midt bak. Eg er nemleg storleg nøgd med investeringa mi. Dessutan varer jo moroa adskilleg lengre enn ein sydentur, som trass alt berre er ein litt annan og latare form for luksus:-)

Ingen kommentarer: