laurdag 7. august 2010

Norske tulleord, kap.2

Ein laurdag ettermiddag utan tre-fire aviser, nytrekt sjølvmalen kaffi og VG-kryssordet er i grunnen heilt utenkjeleg. No er det sjølvsagt litt fordømt bale at det alltid skal stå eit par-tre uløyselege ord igjen, men det får so vere. Eg opnar i allefall ikkje Kryssordboka, så djupt synk eg ikkje.

Eg sluttar visst aldri å undre meg over dette avisspråket. I dagens Hordaland kunne vi lese om ein fotballfrelst familiefar. Dermed var spekulatoren i gang. (Spekulator er forresten eit ord eg har tjuvlånt frå ein god ven, fordi eg tykte det var eit morosamt uttrykk :)

Men det var denne familiefaren. Familiemann er eit uttrykk eg kan forstå, med det forstår vi jo at det er ein mann som har familie, og underforstått skjønar vi også at det er ein mann som har born. Men kva er ein familiefar, og kva skil ein familiefar frå ein heilt vanleg far, skal tru? Og kvifor høyrer vi nesten aldri om familiemødre?
Kan det vere så enkelt at ein familefar har fleire born, og såleis er far til ein heil familie? Neei, det stemmer jo heller ikkje. Eittbarnsfedre har vel også familie - ja, om dei ikkje lever åleine,då. Dei kan forresten ha familie sjølv om dei bur åleine. Eller?

Det var då som søren kor vanskeleg dette skulle bli. Nyfiken som eg er,klikkar eg meg inn på søkesida Kvasir og skriv: familiefar. Eg gidd sjølvsagt ikkje å lese meir enn tre-fire av dei fleire hundre treffa, men registrerer at iallefall dei tjue første refererer til nyhendeartiklar i diverse aviser. Så blankar eg ut søkefeltet og skriv: familiemor. Eg får eitt treff.

Diverse klynkelydar frå familiens firbeinte fortel meg at det er på tide å slå av spekulatoren. Pliktene kallar. Nøgd med meg sjølv loggar eg av pc'en, og konstaterer at eg har avslørt eit nytt tulleord, oppkonstruert av talentlause norske pressefolk.
Framhald i neste nr.

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for interessant informasjon